Vi skil mellom to ulike situasjonar der vi som bibliotekarar står framom ei samling studentar: når vi informerer, og når vi underviser. Desse forstår vi som ulike sjangrar som krev ulike tilnærmingar. Ofte blir det som eigentleg er å informere omtalt som undervising. Tidlegare gjorde vi sjølv også dette, men ikkje no lenger.
«Å informere» fungerer også som ein innhaldsmarkør, noko som skildrar ein aktivitet – til dømes å opplyse studentane om eksamensreglemant eller biblioteket sine opningstider. Her forstår vi «å informere» som ein einvegs-aktivitet der vi har ordet. Rett nok kan studentar kome med spørsmål og diskusjonar/avklaringar oppstå, men i all hovudsak er det vi som styrer. Så lenge det ikkje blir kravd noko frå studentane i timen, så lenge vi like gjerne kunne ha sett på ein førehandsinnspelte video og kome tilbake for eventuelle spørsmål på slutten, så lenge vi kunne ha sendt ut ei lenke til Kildekompasset med litt tekst attåt, er det ikkje undervising. Slike opplegg er å informere. Eit kjenneteikn på at vi har med ei informasjonsøkt å gjere er at tilhøyraren er (så og seie) fullstendig passiv. Det gjeld også om studentane blir bedt om å arbeide sjølv med noko dei har fått demonstrert i timen, men ikkje blir påkravd å framvise eit resultat i etterkant, til dømes gjennom ein presentasjon.
For å illustrere forskjellen frå vår tidlegare tilnærming: Underteikna har tidlegare hatt mange økter om referanseteknikk og APA-stilen, og om søk og kjeldekritikk. Vi har lagt fram reglar og eksempel for studentane gjennom omfattande seriar med lysark. Vi har sett studentar gjespe openlyst og så vidt klart å forhindre oss sjølv i det same. No tenker vi ikkje lenger på 20-30 slides med utdrag frå APA-reglar som undervising. Det same gjeld for søkeundervising med store deler av innslag som forklarer søketeknikk via eksempel, eller demonstrasjonar frå Oria eller databasar i sanntid – sjølv om vi skulle spe på med litt «studentaktivitet» som diskusjonar med sidemann, eller påfunn som «boolske»-leikar. Igjen: Så lenge det i all hovudsak er vi som har ordet og som står og forklarer – kan det ikkje like godt bli gjort på andre måtar?
Når det er sagt: Undervising kan ha innslag av informasjonsbolkar – men vi strevar etter å ha så lite som råd av slike innslag. Vårt mantra er at dersom vi underviser skal vi sjølv ha hovudrolla så lite som mogleg. Sjølv om å informere ikkje er undervising er det likevel nyttig å tenke gjennom kva målet for ein slik presentasjon er, og ikkje minst kvifor den skal vere fysisk om han ikkje er anna enn framvising av lysbilete. Vi kan innvende at å operere med eit slikt skilje er noko kunstig, men vi trur at å ha det klårt for seg sjølv kva ein faktisk skal til med før ein møter studentane, gjer økta betre. Å vere medvitne på skiljet mellom å informere og å undervise hjelper oss å vite når og korleis vi kan bake inn informasjonsbolkar i ei undervisingsøkt, dersom det ikkje er til å unngå. Vi seier heller ikkje at det eine er betre enn det andre – å informere og å undervise har begge sin tid og stad. Det vi seier er at det bra å vere medvitne på kva vi sjølv forstår med undervising. Slik trur vi begge deler blir meir meiningsfulle aktivitetar for oss sjølv.
For å gå litt djupare inn i kvifor informasjon kan vere eit slik forstyrrande, passiviserande element i undervisinga, vil vi i neste emne omtale eit perspektiv som har vore fruktbar for vår eiga tenking.