I denne teksten vil vi presentere éin måte å jobbe med di eiga «bibliotekundervising» på; ein arbeidsmåte som sørger for kontinuerleg refleksjon og oppstoda av nye innsikter over tid, og som skaper eit trygt rom for prøving og feiling. Vi vil også diskutere form og innhald i undervising meir konkret. Vi skriv du, men kunne også ha nytta fleirtalsforma de. Opplegget vi skisserer her krev minst éin kollega med same motivasjon og innstilling som deg – denne kollegaen treng ikkje nødvendigvis jobbe på same institusjon. Eit viktig utgangspunkt for oss er at vi som undervisarar sjølv skal oppleve aktiviteten som meiningsfull. Vi ønsker derfor også å rette merksemd mot «slow librarianship». Dette omgrepet meiner vi inneheld ein tenkemåte som kan kultivere eit meiningsfullt arbeid – i denne samanhengen knytt til undervising.
At vi sjølv enda opp med å gå inn i dette feltet var ikkje eit resultat av eksterne krefter. Det var ikkje eit pålegg frå andre om kompetanseheving, og heller ikkje resultat av eit prosjekt med mål om å revidere undervisingspraksis. Årsaka var eit veksande behov i oss sjølv for endring – først kvar for oss, men så saman. Vi kjente begge at det å undervise ikkje var ein aktivitet vi såg fram til med noko særskild lyst, men som noko det var best å få unna. Når vi først fann saman i dette kom rammene og målsettingar kjapt på plass. Desse kan du lese meir om i «Å tenke sjølv, og saman med andre».
Vi seier det igjen: For å dekonstruere, analysere og justere eiga undervisingpraksis, i ei verd der undervising kanskje berre er ein liten del av arbeidskvardagen, er ein indre motivasjon essensielt. Når vi har sett dette i gang kan vi ikkje gi oss. Vi kan ikkje konstruere utvegar for oss sjølv i det vi tar fatt på oppgåva. Uansett korleis du endar opp med å jobbe med undervisingspraksis, har du forplikta deg. Vi må innstille viljen, kjempe mot vår eigen latskap, tole å vere i uvissa og stundom ubehaget – som når du testar ut eit nytt opplegg og det ikkje går heilt slike du såg føre deg.
I tillegg til misnøye med eigne opplegg trur vi også at vår kjennskap til «slow librarianship» verka med som ein motiverande faktor. Omgrepet «slow librarianship» (SL) vart lansert av den amerikanske bibliotekaren Julia Glassman (2017). Ho formulerer det som ein motreaksjon til samtidige strøymingar i den amerikanske UH-sektoren, som var prega av aukande privatisering, målstyring og effektivisering. Brady (2023) tar diskusjonen om desse tendensane i høgare utdanning vidare, og fremjar SL som ein verdimessig motsats. Her til lands har debatten i Khrono hausten 2024, med tema som utdanningskvalitet og karakterinflasjon, synleggjort nokre av dei same utviklingstrekka også i norsk UH-sektor.
Ein annan amerikansk bibliotekar, Meredith Farkas, utvikla omgrepet videre i ei rekke bloggpostar (Farkas, 2021a, 2021b). Ho seier at SL handlar om ei innstilling til arbeidet, der ein ikkje skal haste frå det ein til det andre, men hugse på å stoppe opp, trekke pusten og sjå seg omkring. I praksis kan det bety å rette merksemd mot og gi rom til prosessar som tar tid. Men, innvender du kanskje, om kalenderen ikkje er full så dukkar det stadig opp upårekna oppgåver som må løyast her og no. Tida er knapp! Eller? Vi meiner tida er der, dersom vi tenker litt annleis om ho. Når vi skriv «tid» tenker vi ikkje på lange, samanhengande blokker av uforstyrra tid, eller personalsamlingar over fleire dagar. Vi meiner det å jamleg investere små porsjonar av tid over ein lang (kanskje utan sluttidspunkt) tidsperiode. Du har tid. Det er nok tid.
Dei viktigaste momenta å ta med seg vidare frå denne delen er:
– Finn nokon å tenke saman med.
– Forplikt deg.
– Gi det tid.
I neste del går vi nærmare inn på sjølve undervisingsituasjonen. Vi byrjar med å stille oss sjølv eit grunnleggande spørsmål: Kva er det vi gjer når vi finn oss framom ei forsamling og seier at vi underviser?