Det er utarbeida mange modellar for undervisningsplanlegging. Modellan er til hjelp i planlegginga for å hugse på kva som er målet med undervisning, kva ressursar har eg, kven er det som skal lære noko, korleis skal eg gjere det osb.
I ein norsk undervisningskontekst er det vanleg å bruke den didaktiske relasjonsmodellen (Bjørndal & Lieberg, 1978) som plattform når ein skal planlegge undervisning. Dei seks faktorane er likeverdige og har ein relasjon til kvarandre, ingen kjem før andre. I forkant av undervisning er det viktig å tenke gjennom desse faktorane. Wikipedia har ein god summarisk gjennomgang av dei ulike faktorane, og om denne ser kjend ut er det fordi det er en gjennomgang av den her.
Dette er ikkje vanskeleg å overføre til ein bibliotekkontekst. Likevel har vårt fagmiljø prøvd å lage eigne modellar, td. presenterer Booth (2010) USER-modellen i kapittel 8. Dette er ein firefeltsmodell som tar for seg stega: Forstå -Struktur – Engasjer og Reflekter, med 8 underkategorier. Fordelen med denne modellen er at den er knytt til bibliotekarens oppgåve og med det lettare å overføre til vår undervisning. Det er en ganske fin gjennomgang av metoden tilgjengelig her.
I boka til Saunders og Wong (2020) tek kap 8 Establishing Learning Goals and Outcomes tips til korleis ein kan planlegge undervisning og tek utgangspunkt til ein modell av Wiggins & McTighe, 2005. Ho presenterer fleire tips og forslag til korleis ein kan legge til rette for læring. Nokre av desse er omhandla i på ‘denne plattformen’ (skal vi lage interne lenker?
Referanser
Bjørndal, B., & Lieberg, S. (1978). Nye veier i didaktikken?: En innføring i didaktiske emner og begreper. Aschehoug.
Booth, C. (2010). Reflective Teaching, Effective Learning: Instructional Literacy for Library Educators. American Library Association Editions. http://ebookcentral.proquest.com/lib/hioa/detail.action?docID=675848
Saunders, L., & Melissa A. Wong. (2020). Instruction in libraries and information centers: An introduction (s. IX, 389). Windsor & Downs press. https://doi.org/10.21900/wd.12