Ting 9 Ta gode bilde med mobilen

Av Innlandet fylkesbibliotek, Vestland fylkesbibliotek og Viken fylkesbibliotek

Eit bilde kan seie meir enn tusen ord, men kva gjer ein om ein ynskjer at bildet skal seie fem ord, eller eitt? I sosiale medium eller på nettstader handlar det ofte ikkje om å seie mest mogleg, men om å seie noko så presist og iaugefallande at den som ser fangar essensen. Heldigvis finst det fleire verktøy som gjer dette enklare. Med gode fototekniske kunnskapar, tilgang til eit utval fotoappar og kjennskap til kva type bilde som når brukargruppa, kan du nytte foto i eiga formidling best mogleg.

Bilde av et forstørrelsesglass og teksten Oppdag

Når du skriv tekst eller produserer video, er det gjerne slik at resultatet blir betre jo meir tid du brukar på prosessen. Eit fotografi blir tatt på brøkdelen av eit sekund. Om du ikkje har tenkt nøye gjennom på førehand, er det vanskeleg å pynte på eit dårleg resultat i etterkant. Det handlar om god planlegging, lære av feil og å opparbeide erfaring.

Fototeknikk

Då speilreflekskamera blei allemannseige på 1970-talet, kom det bøker om fotografi og fototeknikk. Her fann ein kapittel om historia til fotografi, ulike kamera og objektiv. Det handla mellom anna om skilnaden mellom zoom og tele, fargebalanse og fargefilter, komposisjon, lysmåling, framkalling, iso og ikkje minst ulike slag film.

Med digitalkamera og etter kvart mobiltelefon, var det ikkje lenger nødvendig å ha omfattande teknisk kompetanse for å ta gode bilde. Mekaniske løysingar i analog fotografering blei gjort om til spesialeffekter på mobilen. For dei fleste er dette positivt. Mobilen analyserer motivet og gjer dei tekniske vala for deg. Ulempa er at dette bygger opp ei forventning om at mobilen også skal handtere alt som går utover det reint tekniske, noko han absolutt ikkje gjer.

Det avgjerande augeblikk

Den berømte fotografen Henri Cartier-Bresson kalla si viktigaste bok «The decisive moment», gitt ut i 1952 og seinare i faksimile (Cartier-Bresson, H., 2014). Gjennom eit langt liv reiste han verda rundt i jakta på augeblikk som romma estetisk perfeksjon, menneskeleg erfaring, livsglede, nysgjerrigheit eller eksistensiell fortviling. Han ville at fotografia skulle romme sjølve historia. Det reint kameratekniske interesserte han berre sånn måteleg. Når han først hadde funne eit kamera som let han fange desse augeblikka utan å bli oppdaga – og som i tillegg passa i lomma – såg han ikkje noko poeng i å byte. Med åra blei kameraet ei forlenging av han sjølv, på same måte som mobilen har blitt det for oss. Når me studerer bilda, til dømes av Cartier-Bresson (Pihl, R., 2019) kan me sjå faktorar der er viktige å tenkje på.

Historieforteljing

Alle bilde fortel ei historie. Når du publiserer bilde eller tekst på vegne av biblioteket ditt, vil mottakarane alltid tolke dette inn i ein større samanheng. Bilda fortel korleis biblioteket tar vare på rolla som kulturformidlar, møteplass eller forkjempar for demokrati og danning. Tonen kan variere frå sakleg og opplysande til underhaldande og humoristisk, men rammeforteljinga er den same. Det er lurt å stille deg sjølv nokre grunnleggande spørsmål før du tar bilde: Kva for ei forteljing skal bildet illustrere? Korleis kan me samanfatte denne forteljinga i eitt eller fleire bilde? Kva må vere med for at mottakaren skal forstå konteksten? Kvifor skal me fortelje denne historia? Og ikkje minst: kva plattform skal bildet brukast på?

Eit godt gjennomtenkt bilde kan brukast til å formidle akkurat den bodskapen du ynskjer
To menn står med bøker i henda foran ei bokhylle med bøker
Kan du få motivet til å fortelje historia utan bruk av tekst?
Bruk av humor kan skape ekstra merksemd, men pass på at bodskapen/forteljinga ikkje blir borte

Perspektiv og utsnitt

Når historia og motivet er på plass, vil det neste handle om komposisjonen (Persvold, A. Z., 2019). Korleis bør me plassere oss for å fange motivet på ein interessant måte? Somme tider vil me ha rørsle i motivet og somme tider er eit statisk oppsett mest formålstenleg. For å skape spenning går det an å spreie motiva i ulike djupner av rommet eller gruppere. Leik med perspektiv, liner og storleik! Viktigast av alt: gå tett på dei delane av motivet som fortel historia. Robert Capa, ein kjend krigsfotograf skal ha sagt: «Om bilda dine ikkje er gode nok, er du ikkje nære nok.» (Pihl, R., 2019). Oppstilte heilfigurbilde er sjeldan ein god idé i sosiale medium. Folk vil sjå ansiktsuttrykk og ekte situasjonar.  

Lys

Gode lysforhold er heilt avgjerande for at bilda skal bli vellykka. Motivet bør vere opplyst av sterke lyskjelder, helst dagslys. Unngå spotlights og sterke taklamper som kastar lite flatterande skuggar. Når du fotograferer under arrangement, kan det vere lurt å plassere deg i nærleiken av lyskjelda. Då risikerer du ikkje at alt hamnar i skugge. Sjølv om mobilkamera funger i dårleg lys, blir kvaliteten alltid betre i godt lys. Hugs at det også er mange måtar å manipulere lyset på, til dømes å legge til ekstra lys, nytte reflekterande overflater eller reflektere lyset ved hjelp av store papplater. Det kan vere lurt når me fotograferer utstillingar eller bokomslag.

Støy

Det finst uendeleg mange måtar å øydeleggje eit godt bilde på. Det kan innehalde små element som saboterer historia, som forstyrrande skuggar eller lyskjelder. Motivet kan innehalde rot eller detaljar som tiltrekkjer seg merksemd. Bildet kan ha for låg oppløysing. Alt dette kan definerast som støy, det blir aspekt ved bilda som forstyrrar bodskapen. Når du står i ein situasjon og skal til å trykkje på utløysaren, kan det vere lurt med følgande hugseregel: kva vil opplevast som støy i motivet, og korleis kan du fjerne det? Det kan til dømes vere ein god idé å ta portrett mot reine bakgrunnar, gå tett på motivet eller bruke farga ark som underlag for bøker eller gjenstandar.

Verktøy og fotoappar

Det finst mange gode fotoappar tilgjengeleg for Android og iPhone, som til dømes Snapseed, VSCO og Afterlight. Ofte kan det enkle vere nok. Med mobilen kan ein justere og få fram kvaliteten i kvart bilde.

  • Utsnitt – Skjer motivet for å fjerne støy eller tomrom, eller for å framheve komposisjonen. Ikkje gjer utsnittet for lite, då vil kvaliteten på bildet bli dårleg. 
  • Lysstyrke/kontrast/skygger/lyse område – Det finst ikkje ein rett måte å redigere eit bilde på. Best resultatet får ein gjerne ved å teste ulike innstillingar. Eit bilde med mørke parti blir ofte betre av å auke styrken på lyset, men då vil ein samstundes sjå eit behov for å auke kontrasten og/eller dempe høglysa.
  • Fargebalanse/metting – Sjølv om mobilkamera stort sett gjev riktige fargar, kan det vere lurt å leike seg med fargebalanse, fargetemperatur og fargemetting. Lampelys vil til dømes kunne skape gulaktige fargar. Då kan det vere lurt å for eksempel dempe fargemettinga og auke kontrasten, eller endre fargetemperatur og tone.  
Av og til er det umogleg å kome nær nok. Då kan det vere ei løysing å skjere til bildet i etterkant. Justér innstillingane for å få fram motivet.

Fordelen med ulike fotoappar er at du kan justere i bildet utan at du sjølv treng å forstå kva som skjer. Ulike filter er eksempel på dette. I Snapseed kan ein til dømes velgje alt frå Faded glow, Pop, Morning, Smooth til Fine Art eller Push. Dei ulike filtera inneheld eit sett med innstillingar som til samen lagar eit bestemt uttrykk. Mange av desse gjev i tillegg høve til å vignettere, kryssprosessere (det vil seie at du gjer bestemte fargekontrastar som raud/grønt eller oransje/blå sterkare) eller manipulere kor skarpe bilda blir. Alt dette fjernar informasjon frå det opphavlege bildet, og bør derfor brukast med varsemd.

Om det ferdige bildet skal innehalde tekst eller tilpassast bestemte medium, kan det vere lurt å bruke ferdige oppsett eller designfilter. I appar som Canva og Mojo – eller ved å bruke Adobe Spark – kan du raskt og enkelt legge til rammer og tekst, kombinere ulike bilde eller få bilda til å passe i standard Instagram- eller Facebook-dimensjonar: forsidebilde, innlegg, profilbilde med vidare.

Mojo kan brukast til å lage både enkle og meir avanserte stories i Instagram
I Canva finn du ferdige malar som gjer det enklare å tilpasse bilde og tekst

Kva må du passe på når du publiserer eigne bilde?

Bilde av personar

Hovudregelen er at eit fotografi av ein person ikkje kan visast offentleg utan samtykke frå personen (Åndsverkloven, 2018, § 104). Dette gjeld også i sosiale medium, sjølv på private profilar.

Personopplysningsloven har òg reglar for publisering og deling av bilde eller film av personar. For at du lovleg skal kunne publisere bilde av ein person, må du innhente informert samtykke frå personen. Det vil seie at du må informere personen kva du skal bruke bildet til. Dersom du seinare ønsker å bruke det same bildet i ein annan samanheng, må du be om nytt samtykke. 

Når det gjeld bilde av barn eller andre personar som ikkje kan gi gyldig samtykke sjølv, må ein få samtykke frå føresett. Les meir i Datatilsynet si rettleiing om bilde av barn på nett.

  • Samtykke må hentast inn før bildet eller filmen blir delt. 
  • Eit gitt samtykke kan når som helst bli trekt tilbake. I slike tilfelle må du slette bilda med det same.

Bilde av situasjonar

Det er nokre unntak frå hovudregelen i Åndsverkloven § 104 om at ein må hente inn samtykke til publisering av personbilde. Dei viktigaste gjeld når:

  • avbildinga har aktuell og av allmenn interesse
  • avbildinga av personen er mindre viktig enn hovudinnhaldet i bildet
  • bildet viser forsamlingar, folketog i friluft eller tilhøve eller hendingar som har allmenn interesse

Døme på eit slikt unntak kan vere bilde av ei gruppe personar på eit arrangement i biblioteket.

Bilde av en hånd som peker på en mobilskjerm og teksten Utforsk

Robert Capa sitt kjende sitat om at «Om bilda dine ikkje er gode nok, er du ikkje nære nok.», handlar ikkje berre om bruken av det tekniske utstyret. Federico Alegrìa skriv om fire ulike vis å nærme seg bilda: optisk, fysisk, å vere i scena og emosjonelt. Les meir om dette i artikkelen What is Capas most famous quote really about.

Bli inspirert av andre – stel idear! Sjølv om det ikkje er lov å bruke andre sine bilde utan løyve, er det lov å lage liknande bilde. Følg andre bibliotek (både lokalt og nasjonalt) i sosiale medium eller finn inspirerande litteraturformidlarar på Instagram, til dømes @readygoread, @bokbritt, @litteraturenogmeg eller @hiddeninabook

Ta ein titt på kalenderen din. Kva for bilde skulle du gjerne hatt for å marknadsføre dei ulike arrangementa? Kan du ta bilde på arrangement for å bruke seinare? 

Datatilsynet skriv at sjølv om ein ikkje må be om samtykke for å publisere eit situasjonsbilde, vil det framleis dreie seg om handsaming av personopplysningar. Dei oppmodar derfor til at ein veg dei ulike interessene opp mot kvarandre før ein publiserer. Les meir om dette på Datatilsynet si side om deling av bilde.

Bilde av en tankeboble og teksten Reflekter

Den observante kan ha lagt merke til at fleire av eksempelbilda i dette kurset ikkje er tatt med mobilen. Så bør ein eigentleg oppgradere til eit skikkeleg digitalkamera? Nå er det få fordelar med å oppgradere frå mobilkamera til digitalkamera, særleg om bilda skal brukast i sosiale medium. Det einaste eit mobilkamera ikkje handterer på same vis som eit digitalkamera er at bilde blir skarpe i djupna. Her handlar det om korleis optikken er konstruert. Eit digitalkamera med god optikk vil som regel vise eit skarpt motiv mot ein uskarp forgrunn eller bakgrunn, eller det som på fagspråket kallast bokeh. Uskarp bakgrunn vil ofte ta vekk støy og gi eit meir kunstnerisk resultat. Enkelte mobilar bruker algoritmer for å etterlikne bokeh i ein eigen portrettfunksjon, men her kan mykje gå skeis. Korleis vil eit digitalkamera gjere det enklare/vanskelegare for deg å ta bilde til sosiale medium? 

Bør alle tilsette ved eit bibliotek leggje ut bilde i sosiale medium, eller bør ein velje ut nokon til å gjere det? Kva er fordelane og ulempene ved dei to alternativa? 

Bilde av en pil med et spørsmålstegn og teksten Quiz

Bilde av en kobling og teksten Kilder

Cartier-Bresson, H. (2014): The decisive moment: Photography of Henri-Cartier-Bresson. Steidl.

Persvold, A. Z. (2019): Komposisjon. Store norske leksikon. https://snl.no/komposisjon 

Pihl, R. (2019a): Henri Cartier-Bresson. Store norske leksikon. https://snl.no/Henri_Cartier-Bresson

Pihl, R. (2019b): Robert Capa. Store norske leksikon. https://snl.no/Robert_Capa 

Åndsverksloven. (2018). Lov om opphavsrett til åndsverk mv. (LOV-2018-06-15-40). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2018-06-15-40