Ting 14 Lesesirklar

Av Vestland fylkesbibliotek, Bergen Offentlige Bibliotek, Viken fylkesbibliotek, Kongsberg bibliotek og Deichman

Mange bibliotek har gode erfaringar med lesesirklar, både fysiske og digitale. I denne tingen får du vite meir om ulike typar av lesesirklar: frå å snakke om bøker til å lese kortare tekstar i delt lesing, Shared Reading.

Sirklane skapar møteplassar for aktiv formidling og debatt. Fleire tolkingar bringar nye innsikter og forståingar. Samtalane kan gje den enkelte deltakaren rikare opplevingar enn å lese teksten åleine.

Takk til leseleiar og kurshaldar Marit Vaness og bibliotekar My Lothe for bidrag om delt lesing; lesegrupper etter Shared Reading-metoden.

Den perfekte bokcirkeln tar aldrig slut. Det er inte det uttömmande svaret som definierar en bra cirkel, uten det öppna samtalet. Och du vet at du har varit med om den bästa av bokcirklar om du får lust att gå hem och läsa boken på nytt och sedan bråka i några timmar till.

Nina Frid: Slutet på boken är bara början (2012)

Bilde av et forstørrelsesglass og teksten Oppdag

Fleire former for lesesirklar

Lesesirkel der deltakarar har lese ein tekst på førehand.

  • Teksten kan vere ein roman, ei novellesamling, ei sakprosabok eller ein annan litterær sjanger.
  • Dersom biblioteket arrangerer lesesirkelen, er det vanleg at ein eller fleire frå biblioteket leier samlingane.
  • Sirkelen kan vere open, slik at deltakarane kan velje når dei vil delta, eller han kan vere med påmelding.  
  • Gruppeleiaren lagar spørsmål til teksten.
  • Sirkelen kan ha jamlege møte, til dømes ein gong i månaden i ein time til halvannan.
  • For å skape eit utval som passar gruppa, kan biblioteket og deltakarane saman finne ut kva bøker dei vil lese den neste perioden, og biblioteket skaffar bøkene.

Du kan finne meir om slike lesesirklar under overskrifta «Utforsk» nedom. Der ligg ei lenke til eit lydopptak med Camilla Sørbye og Elisabeth Bergstrøm. Samtalen deira handlar om korleis Kongsberg bibliotek arbeider med lesesirklar, og om erfaringar dei har teke med inn i den digitale utgåva.  

Lesesirkel ut frå metoden Shared reading. Metoden vart først utvikla i England, og på norsk kan vi kalle det delt lesing.

  • Deltakarane møtast utan å ha lese noko på førehand.
  • Ein leseleiar, som gjerne har gått på eit kurs i metoden, førebur ein eller to tekstar. Ofte er det ei novelle og eit dikt. Leiaren les kvar tekst høgt og viser teksten på ein skjerm eller deler ut ein kopi.
  • Undervegs kan ein stoppe i lesinga og samtale om teksten.
  • Kvar deltakar vel kor mykje ein vil seie, og det går an å vere med for å lese tekstane og lytte til det som vert sagt.
  • Leseleiaren spør ikkje den enkelte deltakaren i gruppa direkte.
  • Lesegruppene kan vere opne eller ved påmelding, og vanleg tid for kvar gong kan vere rundt halvannan time.

Du kan finne meir om delt lesing under overskrifta «Utforsk» nedom. Der ligg det lenke til eit lydopptak med Mari Vannes og My Lothe, som snakkar om erfaringar frå slike lesegrupper.

Diktet «Romanske buer» av svenske Tomas Tranströmer er eitt av dikta som har blitt brukt i delt lesing. Her er ei lenke til diktet på svensk, lese av forfattaren, på nettsida Lyrikline.

I tillegg til desse to hovudformene finst det undertypar med lesesirklar, til dømes i språkopplæring, etter alder eller sirklar for andre grupper. Under «Utforsk» i teksten finn du døme.    

Det som er likt for dei ulike typane av lesesirklar, er at ein vel litteratur som skapar engasjement og refleksjonar. For å ha «noko å snakke om», er det er anbefalt å bruke litteratur som har ei viss grad av kompleksitet og «motstand».
Det å samtale om litterære personar som møter utfordringar og må løyse dei, kan gje den enkelte rom til å reflekter over eige liv og korleis leve det. 

Digitale lesesirklar for kven?
Digitale lesegrupper kan bli arrangerte for barn, ungdom og vaksne. Fysiske avstandar eller mindre barn som treng tilsyn (det går an å tilby barnevakt), kan vere grunnar til at ein har vanskar med å komme til ein lesesirkel i biblioteket. I tida med korona har deltakarane og biblioteket lært seg nye måtar å kommunisere på.   

Erfaringar frå Kongsberg bibliotek
Spørsmålet våren 2020 var: Korleis kan vi gjere lesesirkelen digital? I Kongsberg bibliotek møtest deltakarane i lesesirkelen ein gong i månaden for å snakke om ei bok. I gruppa er alle i alderen 60 pluss. Microsoft Teams vert ny plattform. Nokre treng teknisk hjelp til å bruke programmet, og andre i gruppa kan hjelpe. Det er ein fordel at mange kjenner kvarande frå før. Alle kjem inn på nettet, og når det ikkje går an å møtast fysisk, er deltakarane nøgde med det digitale som eit alternativ.

Ein lesesirkel for ungdom får ein pause, fordi dei ville vente til dei kunne møtast på nytt i biblioteket.  For lesesirkelen med vaksne har biblioteket alt oppretta ein felles møteplass i Messenger. Ein slik kanal kan vere god til å dele informasjon, lenker og omtalar av forfattarar og bøker.

Små grupper der alle kan delta
Digitale grupper bør ikkje vere for store. Ei nystarta gruppe som skal snakke om ei bok, kan ha færre deltakarar enn ei gruppe med folk som kjenner kvarandre. Det bør gjerne ikkje vere fleire enn 10 personar, og nokre deltakarar har sagt at sju-åtte personar er passeleg.

For digitale lesesirklar innan delt lesing, Shared reading, har ein sett at opp til fem-seks personar kan vere ei god gruppe, slik at terskelen er låg for å bidra i samtalen. Leseleiaren viser teksten til gruppa via deling av skjerm i programmet.

Bruk ein god mikrofon, slik at alle kan høyre det som blir sagt. Leiaren kan skape kontakt ved å  sjå inn i kamera, og det er fint å ha ein roleg bakgrunn. I det første møtet kan ein snakke om korleis gruppa kan fungere, til dømes køyrereglar når ein skal samtale via nettet.  

For å få alle med i ein lesesirkel rundt ei bok, kan leiaren av gruppa undervegs legge inn spørsmål til alle i gruppa i chatten. 

Det kan vere lurt å notere stikkord etter kvart, slik at leiaren kan komme tilbake til noko som er sagt. Om ein deltakar har vanskar med å avgrense seg, går det an å spørje i gruppa kva andre meiner og få fram fleire syn på element i teksten. Dersom boka handlar om noko som kan vere vanskeleg for enkelte deltakarar, kan ein tenke på korleis ein kan handtere det undervegs og vere førebudd på reaksjonar som sorg og andre kjensler.

Det är alltid bra at ha någon som leder samtalet (…). Det gäller at skapa en trygg och trevlig stämning helt enkelt.

Immi Lundin, Circelbevis (2004)

Bøker til lesesirkel
Vel bøker som er slik at alle har god sjanse til å rekke å lese før neste møte. Av og til kan ein gjere unntak og velje ei tjukkare bok, som for møtet etter sommarferien.  
Bøkene kan vere uavhengige av kvarandre, eller ein kan knytte dei til tema, til dømes geografi, forfattarskap, epoke, sjanger, likskap/kontrast og planlagde forfattarbesøk eller teaterframsyningar. Gruppa kan få forslag og velje kva dei vil lese.  

E-bøker kan vere svært aktuelle å bruke, og lydbøker er eit alternativ om det finst. Ein kan sikre at sirkelen er open for alle uansett økonomi, ved at deltakarane får låne bøkene. Ein vel gjerne titlar som ikkje er heilt nye og ikkje har venteliste. Når det gjeld fysiske bøker, kan biblioteket fjernlåne. Eller ein kan kjøpe inn fleire eksemplar, til dømes om boka finst i ei rimeleg utgåve.

Dersom ein vil lese ein klassikar, eller ei anna litt eldre bok, finst ho ofte som pdf i Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek.

Korte råd om lesesirklar – når ein les ei felles bok   

  1. Å skape ein litterær møteplass er ei god grunngjeving for å ha ein lesesirkel.
  2. Biblioteket kan låne ut lokalet, vere arrangør eller vere arrangør og deltakar.  
  3. Ikkje vent at det kjem mange med ein gong. To kan bli fleire!
  4. Ei gruppe for informasjon og kommunikasjon er lurt, til dømes på Messenger.
  5. Det kan vere greitt at det lov delta når det passar, sjølv om eit fleirtal gjerne kjem kvar gong.
  6. Vis som arrangør at alle nye er velkomne inn i gruppa.
Bilde av en hånd som peker på en mobilskjerm og teksten Utforsk

Lesesirkel der deltakarane les ei bok på førehand

I podkasten under møter vi Camilla Sørbye frå Viken fylkesbibliotek og biblioteksjef Elisabeth Bergstrøm frå Kongsberg bibliotek. I første del fortel dei om korleis biblioteket har starta og driv ein fysisk lesesirkel. I del to, 21 minutt og 30 sekund ut i sendinga, kan du lytte til korleis det var å gå digitalt med lesesirkelen. Podkasten varer i om lag 45 minutt.   

Lesesirkel ut frå delt lesing, Shared Reading

Delt lesing, Shared Reading, vart utvikla av The Reader Organisation i Liverpool. No begynner lesegrupper med delt lesing å bli vanlege i norske folkebibliotek. For å bruke metoden er det anbefalt å delta på eit kurs. Facebooksida «Leselederne Shared Reading Norge» har meir informasjon, og eventuelt kan du ta kontakt med ein av administratorane og spørje om når det blir nye kurs.

Leseleiar og kurshaldar Mari Vannes samtalar med bibliotekar My Lothe om delt lesing.

Utdjupande kjelder til lesesirklar i helsefremmande arbeid:

Lesesirklar til dømes innan delt lesing, Shared Reading, er ikkje terapi, vert det sagt. Men i tillegg til å gje litterære opplevingar, kan dei ha helsefremmande funksjonar. Nokre har gått meir inn i kva å dele litteratur kan tyde for den enkelte:

Lesesirkel for fleirspråklege

Fleire bibliotek har prøvd ut lesesirklar for fleirspråklege, mellom anna Bergen Offentlige Bibliotek. Spesialbibliotekar Anne Berit Helland starta for 10 år sidan lesegruppa Leserom, i samarbeid med introduksjonssenteret for flyktningar. Først var det eit tilbod til innvandrarkvinner i Bergen. I dag er det ei open gruppe for deltakarar som trener på norsk. Lesegruppa har blitt arrangert både fysisk og digitalt. Leserom vert driven av biblioteket, med god hjelp frå frivillige gruppeleiarar. I videoen nedom viser Anne Berit 10 punkt for ein slik lesesirkel.

Spesialbibliotekar Anne Berit Helland driv lesegruppa Leserom for å trene på norsk.

Lesesirkel for barn i Bærekraftsbiblioteket

Bærekraftsbiblioteket er retta mot barn mellom 6-12 år, og dei har eit opplegg for lesesirklar.
Meir informasjon finn du her: Lesesirklar i Bærekraftsbiblioteket, FN-Sambandet.
Leser søker bok har laga sider om aktuelle boktitlar: Bøker i Bærekraftsbiblioteket.

Noen av dere har kanskje ikke muligheten til å møte barnegruppa fysisk. Da kan dere bruke digitale møterom. Optimalt antall deltakere er mellom 4 og 6 med lesesirkelleder. Lesesirkellederen må kanskje i enda større grad ta ansvar for å styre ordet når møtene foregår digitalt. Og kanskje må man planlegge noen kjøreregler på forhånd. Det kan for eksempel være lurt å ha et signal som barna bruker når de ønsker å si noe.

Utdrag frå nettsida til Bærekraftsbiblioteket.

Digital lesesirkel for tilsette i bibliotek

Hausten 2020 har Viken fylkesbibliotek arrangert tre digitale lesesirklar med tekstar i ulike sjangrar, som tilsette i folkebibliotek har lese. Lesesirklane har vore i tidsrommet 08.30 – 10.00, med ein time lesesirkel og 30 minutt til evaluering. Fylkesbiblioteket har leia sirklane, og dei har lagt vekt på lesaropplevinga og det å samtale om tekstar. Lesersørvis har vore brukt der det var ein naturleg del.

I evalueringa har dei snakka om val av tekst, kor eigna/ikkje eigna var teksten?
Leiinga av sirkelen har vore tema: Kor mykje skal den som leiar sirkelen gjere for å få dei passive med, eller stoppe dei ivrige? Korleis ta vare på deltakarar som får sterke kjensler rundt innhaldet i ei bok? Dei har vore opp til 10 deltakarar i to lesesirklar, og nokre har gjeve melding om at sju-åtte personar er meir passe storleik for kvar gruppe.

Det har vore eit mål å ha faste deltakarar i kvar sirkel, slik at folk også skal bli kjende på tvers av kommunar. Nokre måtte bytte dagar, fordi det går ikkje alltid i hop med ein travel kvardag. Inntrykka er at mange har hatt nytte og glede av å snakke om litteratur, bruke Lesersørvis og ikkje minst evaluere sirkelen i etterkant.


Vil du vite meir om dette tiltaket, kan du ta kontakt med Olga Skrinde eller Mona Ekelund ved Viken fylkesbibliotek.


Bilde av en tankeboble og teksten Reflekter

Dersom biblioteket ikkje har ein lesesirkel i dag, kva er dei største hindringane for å starte ein?

Tenk på ei eller fleire bøker som kan eigne seg i ein lesesirkel. Kvifor er dette ei bok det er ein del å samtale om?

Tenk på ei novelle og eit dikt som kan eigne seg i ei delt lesaroppleving, Shared Reading.

Bilde av en pil med et spørsmålstegn og teksten Quiz
Bilde av en kobling og teksten Kilder

Frid, Nina. (2012). Slutet på boken är bare början : om läsarsamtal, bokcirklar & bibliotek.

Lundin, Immi. (2004). Cirkelbevis : läsesirclar på bibliotek.

Van Riel, Rachel. (2011). Det leservennlige biblioteket.

Leksjoninnhold