Å planlegge og gjennomføre ei lesestund

Denne leksjonen er for deg som vil ha ein lågterskel introduksjon til å:

– planlegge ei lesestund med ei gruppe barn i barnehagealder.

– utforske bruken av performative grep til lesestunda.

Etter å ha gått gjennom denne leksjonen vil du ha verktøy for å ta bevisste val i samband med planlegging og gjennomføring av ei lesestund. Målet er at dette skal gjere terskelen låg for å gjennomføre høgtlesingsstunder på din arbeidsplass.

Å lese høgt for ei gruppe med barn er ein veldig relevant situasjon i både bibliotek og barnehage. Ei planlagt formidling av ei bok for ei gruppe med barn gir ei god oppleving og felles referansar, som blir eit godt utgangspunkt for felles leik.

I emnet Hvordan leser vi med små barn? snakkar Trude Hoel, professor ved Nasjonalt lesesenter, om korleis vi les med eitt barn på fanget. Denne forma for høgtlesing blir gjerne initiert av barnet, og er ein situasjon som skapar tryggleik og byggjer relasjonen mellom barn og vaksen. Hoel fortel korleis vi best kan involvere barn i lesinga og samtaler rundt lesing på måtar som også bidreg til språkutviklinga.

For at barn skal ta initiativ til høgtlesing, må dei kjenne til aktiviteten. For enkelte kan den planlagde felles lesestunda vere einaste erfaring med høgtlesing.

Bibliotek og barnehage står faktisk i fare for å auke skiljet mellom dei barna som er vant til aktiviteten å lese og dei som ikkje er det, framfor å jamne ut forskjellane om barna alltid er dei som tek initiativ til lesing. Derfor må vi vaksne ta initiativ til å inkludere alle barn i høgtlesingsaktivitet. Ei planlagt lesestund er eit enkelt og godt tiltak for å få til dette. Felles lesestund gir opplevingar som inkluderer alle og som kan gi fleire erfaring med bøker og boklesing.    

Stopp og tenk

Før du går i gang med resten av leksjonen: 

  • Kva erfaring har du med å planlegge og gjennomføre ei høgtlesingsstund ei gruppe barn? Kva gleder og utfordringar har du erfart knytt til det?
  • Kva mål har du med å gå gjennom denne leksjonen?