DEL 1. Pedagogisk teori for bibliotekarer
DEL 2 Utfordringer og muligheter i praksis
DEL 3 Didaktisk verktøykasse for bibliotekarer
Videre lesing

Å tenke sjølv, og saman med andre

Bilde: colourbox.com

Korleis kan vi skape ei type undervising som vi ønsker oss? Det startar i alle fall med å finne saman med andre. Ved å jobbe saman i mindre grupper forpliktar vi oss ovanfor dei andre til å demonstrere ein innsats. Vi hjelper kvarandre til å halde opp ein aktivitet. Det blir lettare å finne eit ledig tidspunkt, og terskelen for å avlyse blir høgare.

Det kjem knapt som noko overrasking at vi tilrår å ikkje tenke på dette arbeidet som eit prosjekt som skal fullførast, men å sjå det som ein prosess som finn stad kontinuerleg. Sjølv om denne prosessen er individuell for deg som underviser, ønsker vi å vektlegge verdien av å ha ein pågåande fagleg samtale med andre. Vårt forslag er å finne frem til nokon få, kanskje berre éin annan kollega, som i likskap med deg er motivert til å gjere både endringar i og studere eiga undervisingspraksis. Som nemnt er det ingenting i vegen for at kollegaen jobbar ved ein annan institusjon. Finn eit fast tidspunkt der de kan treffast (digitalt eller fysisk), og kall inn til ei fast møterekke i kalenderen. Korte, men hyppige samtalar trur vi er ideelt.

Når møterekka er etablert, blir samtalen halden varm, dei lengre tankane får betre vilkår. Fast møtetid sørger også for at erfaringsdeling skjer kort tid etter ei undervisingsøkt. Du treng heller ikkje vente lenge på eit høve til å drøfte nye idéar som du vil teste ut i praksis. Ikkje minst har du skapt deg nok tid.

I tillegg til dei hyppige samtalane, er det sjølvsagt mange andre kontekstar som gir verdfull innsikt. Innspel frå andre kollegaer, å vere til stade i andre si undervisning og lese forelesingssalen kan vere nokre eksempel. Ein jamleg kontakt med temaet skjerpar også blikket vårt for erfaringar i kvardagen elles som er relevante for diskusjonane. Mange av dei beste ideane eller refleksjonane ramlar gjerne ned i hovudet på heilt andre tider og samanhengar enn i møta.