Det er noko frigjerande med tanken på at å jobbe med eiga undervising aldri tar slutt – han skaper eit stort rom for å eksperimentere, prøve og feile. Når vi byrjar å tenke på ei økt kan vi stille oss spørsmålet: Korleis kan vi utnytte at vi har fått utdelt eit tidsrom der vi skal vere saman med studentane, anten det er digitalt eller fysisk? Korleis kan vi skape eit meiningsfullt innhald for studentane, men ikkje minst for oss sjølv? Paradoksalt nok trur at vi at det kan skje ved å jobbe med avgrensingar. Vi trur ikkje på eit endeleg, ferdig opplegg som kan brukast frå år til år utan anna enn småjusteringar. Avgrensingar kan hindre oss i å størkne i ferdige opplegg, og hjelpe oss med å tenke nytt og sjå nye moglegheiter. Avgrensingar fremjar kreativitet.
Korleis vil du undervise ein førsteklasse i APA dersom du pålegg deg sjølv eit forbod mot bruk av lysbilete og nettlesar i timen? Er det realistisk? Er det mogleg å gjere for forsamlingar på 40 + personar? Kva kan det gi studentane og deg sjølv? Er det i det heile tatt vits?
Resultatet av å stille slike spørsmål treng ikkje å vere at du må kaste om på alt over natta. Du kan sette deg enkeltmål eller ta fatt i delar av undervisinga. Kanskje kjem du ikkje unna å bruke 15 min på ein monolog der du informerer. Kan denne likevel kuttast til 10 min? Eller skal målet vere å knapt ha ordet i det heile tatt?
Sjølv har vi kome fram til nokre dogme og avgrensingar som vi meiner leier oss mot ei undervising som vi faktisk kan sjå på som undervising.
I bruken av avgrensingar ligg ein kime til kreativitet – både i sjølve formuleringa av avgrensingane, men ikkje minst i møtet med konsekvensane dei skaper. Over tid har vi arbeida fram ei liste over våre eigne dogme. Dersom vi har fastslått at vi skal undervise, minner vi oss sjølv på desse når vi går i gang med å utforme økta:
Her er nokre avgrensingar som kan vere eit resultat av dogma:
Har du tilbakemeldingar, kritikk, refleksjonar, idéar osb. høyrer vi gjerne frå deg! Vi kan nåast på didrik.telle-wernersen[a]usn.no og kristoffer.berntsen[a]usn.no
Litteratur
Benjamin, W. (1991). Fortelleren: Betraktninger over Nikolaj Leskovs verk. I T. Karlsten (Oms.), Kunstverket i reproduksjonsalderen: essays om kultur, litteratur, politikk (2. utg, s. 179–201). Gyldendal. (Opphavleg gitt ut 1936)
Brady, F. (2023). Scaffolded information literacy curriculum: Slow librarianship as a rejection of the hegemony of neoliberalism. Journal of New Librarianship, 8(2), 29–40. https://doi.org/10.33011/newlibs/14/2
Farkas, M. (2021a, 8. september). Slow life, slow librarianship. Information Wants to Be Free. https://meredith.wolfwater.com/wordpress/2021/09/08/slow-life-slow-librarianship/
Farkas, M. (2021b, 18. oktober). What is slow librarianship? Information Wants to Be Free. https://meredith.wolfwater.com/wordpress/2021/10/18/what-is-slow-librarianship/
Glassman, J. (2017, 20. oktober). The Innovation Fetish and Slow Librarianship: What Librarians Can Learn From the Juicero – In the Library with the Lead Pipe. https://www.inthelibrarywiththeleadpipe.org/2017/the-innovation-fetish-and-slow-librarianship-what-librarians-can-learn-from-the-juicero/
Purdue, J. (2003). Stories, not information: Transforming information literacy. portal: Libraries and the Academy, 3(4), 653–662.
Vidare lesing
Poole, N. (2023, 30. januar). In praise of “slow librarianship”. Medium. https://nick-poole.medium.com/in-praise-of-slow-librarianship-93eedfc83df6
Rancière, J. (1991). The ignorant schoolmaster: five lessons in intellectual emancipation (K. Ross, Oms.). Stanford University Press. (Opphavleg gitt ut 1987)