DEL 1. Pedagogisk teori for bibliotekarer
DEL 2 Utfordringer og muligheter i praksis
DEL 3 Didaktisk verktøykasse for bibliotekarer
Videre lesing

Pedagogisk kompetanse

Formell og uformell pedagogisk kompetanse

Av Idunn Bøyum

I dette kapittelet presenterer vi døme på korleis bibliotekarar kan utvikle sin kompetanse knytt til rolla som undervisar, eller rettleiar. Vi har delt dette inn i formell og uformell kompetanse. Men først; kva kjenneteikner bibliotekarens læring?

Bibliotekarens eigen informasjonspraksis og informasjonskompetanse er tema for ein del studier (sjå t.d Bøyum og Byström, 2020 og Pilerot og Lindeberg 2018). Viljen til formell vidareutdanning ser ut til å vere mindre enn det å delta i uformelle læringssituasjonar. Johannesen (2018) peiker på at leiarar som oppmuntrar medarbeiarar til å delta i formell utdanning i større grad deltek i slike program enn dei som ikkje opplevere at leiaren oppmuntrer og anerkjenner dette. I det heile ser det ut som om respondentane i denne undersøkinga i liten grad tok formelle kurs knytt til eigen profesjonsutvikling. Bibliotekarane var nøgde med eigen kompetanse og meinte dei hadde kunnskap til å utføre jobben sin. I studien til Bewick og Corrall (2010) vert det hevda at dei fleste bibliotekarar som underviste hadde kortare formelle kurs i pedagogikk. Likevel var det uformell internopplæring på arbeidsplassen som var den mest vanlege arenaen for kompetanseutvikling.

Burnett (2018) viser at ein av desse uformelle læringsarenaene er å sitje saman i bibliotekets skranke (‘skrankevakt’). Her utvekslar ein informasjon om smått og stort, men og deler erfaring og lærer kvarandre opp i funksjoner knytt til bibliotekets informasjonsressursar og rutinar.

I ein intervjuundersøkelse med bibliotektilsette i UH-sektoren fann vi (Bøyum og Byström, 2020) at det i liten grad var sett av tid til systematisk kompetanseutviklingsarbeid, som til dømes å lese vitskaplege artiklar eller følge med i faglege tidskrift. Berre ein av informantane hadde faste søk som ein metode å halde seg oppdatert på. Det å delta i faste møter vart av alle informantan peikt på som den viktigaste arenaen for kunnskapsdeling og læring. Likevel peikte alle på læring og erfaringsdeling var ein viktig del av arbeidsdagen. Fleire viste døme på korleis dei lærte av kvarandre og korleis arbeidsoppgåvene inspirerte til dette.

I denne studien var vi spesielt oppteken av korleis dei førebudde seg til det å ha skrankevakter og om dette var tema knytt til erfaringsdeling, anten uformelt eller i møter. Det å ha skrankevakter inneber td. brei kompetanse og kunnskap om informasjonskjelder generelt og biblioteksystema spesielt. I tillegg er det å kunne avdekke informasjonsbehov ei sentral oppgåve i desse brukarmøta. Tidlegare kalla vi dette referansesamtalen ein term vi knapt finn i norske bibliotek i dag. Dette hjørnet av prosesjonsutvikling var ikkje gjenstand for internopplæring og erfaringsdeling i dette biblioteket. Det kan vere årsaka til at vi i ein annan studie fann at det å avdekke informasjonsbehov var ikkje aktivisert (Bøyum, Byström og Pharo, 2021). Ein interessant observasjon som vart gjort var at det å sitje saman to og to i skrankene var verdifullt. Her lærte eksperten i td. Alma/Oria den andre som ikkje kunne så mykje. Informasjon om rutiner vart delt, og dei hadde høve til å observere kvarandre i korleis ein takla brukarmøte. Her kunne ein og umiddelbart utveksle erfaring etter dei meir vanskelege møtene.

Bibliotekarens læring er kjenneteikna av at den er uformell og ad hoc slik Lloyd (2017) og Pilerot og Lindberg (2018) også peiker på. I tillegg ser har biblitoekaren eit blikk for informasjon som fangar interesse, til dømes ved katalogisering, eller undervinsingsførebuing. Bates (2002)  skildrar dette som monitorering eller ”backof-the-mind alertness”.

Litteratur

Bewick, L., & Corrall, S. (2010). Developing librarians as teachers: A study of their pedagogical knowledge. Journal of Librarianship and Information Science, 42(2), 97–110. https://doi.org/10.1177/0961000610361419

Burnette, M. (2017). Tacit knowledge sharing among library colleagues: A pilot study. Reference Services Review, 45(3), 382–397.
https://doi.org/10.1108/RSR-11-2016-0082

Bøyum, Idunn; Byström, Katriina (2020). Bibliotekaren som rettleiar: Kompetanseutvikling og erfaringsdeling i eit akademisk bibliotek. Evjen, Sunniva; Olsen, Heidi Kristin; Tveit, Åse Kristine (Red.). Rød mix: Ragnar Audunson som forsker og nettverksbygger. Kapittel 8. s. 121-143. ABM-media AS.

Bøyum, I., Byström, K., & Pharo, N. (2021?). Is the reference desk used for reference interviews? Reference Services Review. 49(1)  [under publisering]

Johannessen, H. (2018). The need to grow, learn and develop – how does management affect motivation for professional development? LIBER Quarterly, 28(1), 1–16. https://doi.org/10.18352/lq.10238

Lloyd, A. (2017). Information literacy and literacies of information: A mid-range theory and model. Journal of Information Literacy, 11(1).

Pilerot, O., & Lindberg, J. (2018). Inside the library: Academic librarians’ knowing in practice. Journal of Librarianship and Information Science, 50(3), 254–263. https://doi.org/10.1177/0961000618769970

Leksjoninnhold
0% fullført 0/2 Steps