Mål og tilnærming

Å utvikle det vi kallar ein kultur for lesing, handlar om at vaksne tar ansvar for at barna får møte lesing og litteratur i kvardagen. 

I læringsressursen er det særleg to premiss vi legg til grunn.

  • Å skape gode lesarar må starte med dei minste.
  • Å skape fleire lesarar krev felles innsats.

    Begge desse poenga ligg i namnet til læringsressursen: «Leselyst med dei minste – saman om lesekultur».

Det første har å gjere med at barndommen er grunnlaget for livslange vanar. Når vi skal lukkast med å få barna til å sette pris på lesing, er tidleg start med gode leseopplevingar det beste utgangspunktet.

Punkt to erkjenner at folkebiblioteka si formidling til barna ikkje kan stå aleine. Vi når dei minste barna særleg via deira nære vaksne i dagleglivet. Det handlar blant anna om å styrke lesinga sin plass i barnehagane, i heimemiljøa, i biblioteket og på helsestasjonar der fagpersonar jamleg er i kontakt med familiar og barn.

Summert opp må barna møte lesing tidleg, på mange ulike arenaer, og i varierte samanhengar, som ein naturleg og fast del av sin kvardag.

Difor er det viktig å starte tidleg og bygge samarbeidsstrukturar og støttande nettverk saman med dei vaksne som er tettast på barna. La oss sjå litt nærare på kvifor vi bør samle oss og kva som kan bidra til å mane til felles innsats.

Leksjoninnhold
0% fullført 0/1 Steps