I eit leseverdig essay nyttar bibliotekar Jeff Purdue (2003) konseptet forteljing/historie for å diskutere såkalla «informasjonskompetanse». Gjennom ei lesing av Walter Benjamin sitt essay frå 1936, «Der Erzähler» («Fortelleren»), karakteriserer Purdue informasjon (og vi kan legge til: å informere) som ein nytteting (utility), som noko beinveges og trivielt. Informasjon bruker opp seg sjølv, i motsetnad til forteljinga. Forteljinga krev aktiv deltaking – som lyttar eller forteljar – og har potensiale til å vere transformerande. Forteljinga kan endre oss (Purdue, 2003, s. 658).
Å sjå informasjon som noko trivielt (i motsetnad til djupsindig) og som ein nytteting kan hjelpe oss med å forstå skiljet mellom det å informere og det å undervise. Benjamin skriv i sitt essay at ei sann historie inneheld noko nyttig, om det så er ei openlys praktisk opplysing, eller meir i det skjulte, som ei livsinnsikt. Vi kan innvende at ei praktisk opplysing i mange tilfelle er synonymt med informasjon, men det essensielle her er konteksten. Opplysinga er del av ei historie, ikkje noko åtskilt som «bruker opp seg sjølv». Kanskje blir den slik eit råd? Eit råd er ikkje svar på noko spørsmål, skriv Benjamin, men eit forslag. For å gi rådet må vi vere i stand til å fortelje historia (Benjamin, 1936/1991, s. 182). Slik kan vi spørje: Kva er forskjellen på å legge ut om referanseteknikk i ei informasjonsøkt om APA 7, og ei undervising som lar studenten sjølv oppdage/utforske/bale med referanseteknikk som eit naudsynt reiskap i deira eiga verd, drive fram av (forhåpentlegvis) genuin nyfikne og forskartrong? Det er dette Purdue er inne på når han, ved å bytte ut informasjon med forteljingar, ønsker å skildre forskingsaktiviteten og informasjonskompetanse som resultat av oppdagingar som må gå ut i frå og gjerast av kvar av oss (Purdue, 2003, s. 658–659). Kanskje er det vi strevar etter å gi rom i undervisinga vår til forteljingar, eller til og med å gjere studentane til forteljarar?