Hopp til innhold

Morsmålsdagen 2023

Hugs morsmålsdagen 21. februar 2023

Det fleirspråklege bibliotek kan hjelpe med både bøker og effektar. Vi låner ut tematiske bokpakkar til markeringa, og no er det tida for å tinge bokpakkane.

Ein temapakke inneheld 10-15 bøker. Det er eit avgrensa tal med pakkar på kvart tema, så her gjeld det å vere tidleg ute dersom du har spesifikke ynskjer. I tillegg kan vi óg tilby generelle pakkar med til dømes biletbøker eller romanar på mange språk. 

Morsmålsdagen er eit flott høve til å gjere dei språklege ressursane i lokalmiljøet synleg. Å syne fram og fokusere på eige morsmål og kulturell identitet betyr mykje for oss alle. Ved å feire morsmålsdagen deltek vi aktivt i å forme det fleirspråklege fellesskapet i Norge.