Registrera lånarar i biblioteket og deira lån av bøker m.m. og gi dei tilgang til digitale tenester som til dømes Bookbites (e-bøker, e-lydbøker) og Filmoteket (strømming av film).
Tilsette, leverandørar, lånarar; av desse: barn
Døme Bibliofil:
Frå Biblioteksystemer AS og Bibliotekenes IT-senter får du liste over kva type personopplysingar som blir behandla og kva dei blir brukte til. Lista er utfyllande. I din behandlingsprotokoll er det tilstrekkeleg å ta med nokre av desse, men du kan legga ved denne lista i tillegg.
Innhentinga og behandlinga av personopplysingar er «nødvendige for å oppfylla ein avtale». Brukaren kan signera med MinID når dei lagar lånekort sjølv via nettside/app, men det er ein signatur for at dei er einige i avtalevilkåra (lånereglementet) meir enn at dei samtykker i at deira personopplysingar blir brukte.
Bibliofil-systemet oppfyller alle brukarens rettar. Sjå meir i leksjonen om brukarens rettar.
Lånar skal informerast om bruken av personopplysingar gjennom personvernerklæringa.
I Bibliofil er det eit fritekstfelt. Dersom biblioteket ynskjer å bruka fritekstfeltet må ein laga reglar for bruken av det og rutinar for sletting av informasjon. Ver òg merksam på at dette feltet ikkje er intern informasjon, men brukaren får tilgang til opplysingane som ligg der når hen ber om innsyn.
Døme frå Klepp bibliotek – behandlingsprotokoll (excel)
Døme frå Klepp bibliotek – behandlingsprotokoll (pdf)
Biblioteksystemer AS sin gjennomgang av GDPR-reglane -databehandleravtale (pdf)
Last ned skrivbar pdf. Dersom du ynskjer å skriva direkte i pdf-en, hugs å lagre etter at du har testa. Men du kan velja om du heller skriv ut oppgåvene.