Personvernerklæring

Kva me samlar inn av personopplysingar, kva formålet er, det lovlege grunnlaget, bruk, lagring og sletting skal me informera om i personvernerklæringa. Sjølv med all denne informasjonen er det likevel eit krav at det skal informerast kort og i eit klart språk, utan tekniske faguttrykk. Ikkje alle brukarar nyttar seg av alle tilbod. I personvernerklæringa bør ein difor ha tydelege skilje mellom dei ulike behandlingane slik at brukaren ikkje treng lesa heile personvernerklæringa, men berre det som gjeld dei tilboda hen vil nytta. Det må òg stå i erklæringa at den registrerte kan klaga på vår behandling av personopplysingar. I tillegg må det vera oppgitt kontaktinformasjon til biblioteksjefen og til kommunen sitt personvernombod.  

Illustrasjonsfoto. Kvinne med PC på fanget. Tavle på vegg
Ill.: Rakhshan Abbasi

Beste praksis?

Eg har ikkje funne ein personvernerklæring som er heilt eksemplarisk og som me alle kan nytta som mal, diverre. Datatilsynet har ei god inndeling for sitt formål, men biblioteka har mange ulike behandlingar slik at ein fort kan mista oversikten dersom ein vel same inndeling. Nedanfor er difor døme på ulike personvernerklæringar og ein ser med ein gong at det er vanskeleg å kombinera kort og klart og samstundes få med all informasjon. Valet Nasjonalbiblioteket har gjort, er å ha lenke til kvar behandling. Sjølv om namn på desse lenkene kunne vore enklare, er det praktisk fordi ein ikkje treng å lesa alt. Men på den andre sida vil det med så mange behandlingar, vera vanskeleg for brukaren å finna kva som er aktuelt for hen. Det at det er ei eiga lenke for tenester som gjeld heile landet, til dømes nasjonalt lånekort (bibliotekkortet) gjer det lettare å visa til i vår eigen erklæring. Deichman omtalar alle behandlingane på nettsida, men dei har gode overskrifter som gjer det enkelt å scrolla til det som er aktuelt. Sølvberget har ei kort orientering om personvernerklæringa på nettsida og lenkar vidare til ei pdf-fil med ca. 6 sider. Orienteringa er grei, medan pdf-fila er tettpakka med informasjon og dimed vanskeleg å lesa. Jærbiblioteka har brukt Sølvberget som døme og det same gjeld difor for denne erklæringa. Etter mi vurdering er Deichman si personvernerklæring den som best oppfyller kravet om kort tekst og klart språk, samstundes som dei får med naudsynt informasjon.