Introduksjon til kurs om GDPR i bibliotek

NYHET: 2 nye leksjoner kommer i mars/april: Bookbites og bibliotekkortet.

Kurset er ei innføring i personvern i biblioteka. Det inneheld døme og malar frå bibliotek som gjer det lettare for deg å arbeida med personvern. Det gir deg kunnskap om brukarane sine rettar når det gjeld biblioteket si handtering av personopplysingar og biblioteket sine plikter som behandlingsansvarleg.

I din kommune kan behandlingsansvarleg vera lagt til ein høgare instans i kommunen. Dersom det er tilfelle, vil dei uansett ha bruk for din kunnskap om biblioteket sine fagsystem og dine detaljkunnskapar om biblioteket sin bruk av personopplysingar. Uansett om det er du som bibliotektilsett eller om det er ein overordna instans som er ansvarleg for personvernet i biblioteket, er det viktig at ein kjenner regelverket. Personvernforordninga gjeld både gamle system/rutinar og nye innkjøp og både manuelle og digitale prosessar.

Kurset er ikkje utfyllande, men det er lenka opp til viktige sider på Datatilsynet og andre kjelder der du kan lesa meir.

Organiseringa av GDPR-arbeidet er ulik frå kommune til kommune, både når det gjeld kven som skal gjera arbeidet og kva dei nyttar av system/malar. Det er difor vanskeleg å gi deg ei oppskrift. Rådet mitt, før du for alvor tar fatt på kurset, er å finna ut korleis det er i din kommune. Søk fram gode hjelparar både i din kommune og ved andre bibliotek.

Ofte blir det kravd av biblioteket at dei sjølve dokumenterer og vurderer eigen bruk av personopplysingar. Når du er ferdig med dokumentasjonen, vil neste steg vera at dokumentasjonen og vurderingane blir gått gjennom av personvernombod/personvernansvarleg.

Kurset er laga av Aud Jorunn H. Hakestad på oppdrag frå Rogaland fylkesbibliotek. Ho har tatt utgangspunkt i eigne erfaringar som biblioteksjef og har tileigna seg kunnskap om GDPR gjennom studiet «Digitalisering og ledelse» ved Høgskulen i Innlandet 2021/2022 i tillegg til sjølvstudium. Ho har ikkje juridisk kompetanse. Gode innspel er gitt frå deltakarane i arbeidsgruppa: Geir Bergstrøm, Sandnes bibliotek, Audhild Tjugen og Siri O. Vikse, Haugesund bibliotek, Christian N. Tønnessen og Helge Risvand, Sølvberget (Stavanger) og Bjørn Kjetil Fredriksen, Rogaland fylkesbibliotek.