Å gjere litteraturen kjent – bokpakker

Når bibliotekaren kjem på besøk med ei ny bokpakke, er det ofte stas for barna. Det er spennande at nokon utanfrå kjem på besøk, nokon dei kanskje ikkje kjenner frå før, og det gjer sjølve opninga av bokpakka til noko meir enn ei levering. Det kan bli ein liten bokfest, med presentasjon og gjerne ei lesestund på kjøpet, nett fordi det er ein annan person enn dei vaksne barna møter til dagleg.

Korleis kan vi legge til rette for ei aktiv lesestund? Siri Larsen deler erfaringar frå ei lesestund i Hovinenga barnehage

Som du ser av videoen over, så har presentasjonen ein funksjon utover stemninga ho skapar. Barn er nysgjerrig av natur, samstundes som dei gjerne vil lese den same boka, ei bok dei alt kjenner til, om att og om att. Skal ei heilt ny bok bli vald, må barna først ha fått eit inntrykk av henne. Difor er det ikkje tilfeldig korleis ei bokpakke blir presentert: det handlar om å gje både barna og dei tilsette eit inntrykk av kva dei nye bøkene inneheld, slik at bøkene seinare blir plukka opp av eige initiativ.

Det treng likevel ikkje vere ei djup presentasjon av kvar einskild bok. Før denne bokpresentasjonen visste ikkje Larsen mykje om barnegruppa, berre at det var ein mellomaldergruppe. Ho hadde tenkt å presentere og lese enkelte bøker, bøker ho tenkte ville fungere på gruppa, med rekvisittar. Men i løpet av presentasjonen måtte ho justere planen fordi barnegruppa var litt yngre enn ho hadde sett for seg. Det viktig å vere kunne tilpasse seg gruppa. Målet er at alle skal få eit visst inntrykk av bøkene, ikkje at alle skal bli grundig kjende før dei kjem i bruk. Nokre bøker kan difor presenterast meir utførleg, medan andre kan delast ut raskare, gjerne med berre ei kort line om kva dei handlar om.

Dette blir illustrert av flaggboka. Ho fanga barna sin interesse, nok til at dei ville lese ho med ein gong. Boka hadde ikkje fått noka djup presentasjon frå bibliotekaren si side, berre nok til at dei fekk augo opp for henne. Det er nett dette som er poenget: presentasjonen treng ikkje vere lang for å gjere skilnaden mellom at ei bok blir liggande urørt, og at ho blir vald.

Den same kunnskapen kan takast med vidare også i møte med foreldre, til dømes på eit foreldremøte. Å vise fram nye bøker på ein måte som vekkjer nyfikne, kan gje foreldre lyst til å utforske bøkene saman med barnet heime.

Stopp og tenk:

  • Korleis vel du kva bøker som fortener ein grundigare presentasjon, og kva som kan delast ut meir uformelt?
  • Kva gjer du for å vekkje nyfikne hos barn som ikkje alt har funne bøker dei likar?