Om samarbeid – konkret

Planlegg samarbeidet: mål, nivå og forventningar

Har du opplevd at eit samarbeid ikkje gjekk heilt som planlagt – at forventningane var ulike, at engasjementet skranta, eller at du sat igjen med meir arbeid enn du hadde rekna med? Har du nokre tankar om kvifor det vart slik?

Samarbeid er ikkje enkelt – og det er heilt greitt. Å skape fleire lesarar krev felles innsats – det er eit av premissane for dette kurset. Om målet er at dei yngste barna i kommunen skal vekse opp med gode leseopplevingar og ei leseglede som varer, må vi ha gode og effektive samarbeid. Dei naturlege samarbeidspartnarane, som helsestasjon og barnehage, er einige i at lesing er viktig. Leselyststrategien og nasjonale føringar har dessutan løfta lesing høgare på agendaen i mange kommunar. Men det er ein skilnad mellom å vere einig i at noko er viktig og å prioritere det i ein travel kvardag – og det gjeld oss alle.

Difor handlar godt samarbeid om meir enn god vilje. Det handlar om å vere tydeleg og konkret på kva ein ønskjer å oppnå, kva ein kan bidra med og kva ein realistisk kan forvente av kvarandre. Det er det denne leksjonen handlar om. Vi presenterer det steg for steg – men vi veit at det i røynda sjeldan er like ryddig. Val av samarbeidspart, målgruppe og ambisjonsnivå heng saman og dukkar gjerne opp i ein annan rekkjefølgje enn vi har sett det opp her. Sjå på leksjonen som ei analytisk ramme og eit hjelpemiddel på vegen, ikkje ein fasit.

Kven vil de samarbeide med – og kven ønskjer de å nå?

Før de inviterer nokon til samarbeid, er det nyttig å skilje mellom to ting: kven de vil samarbeide med, og kven de ønskjer å nå gjennom det samarbeidet. Det er ikkje nødvendigvis dei same.

Samarbeidspartnarar: Dei mest naturlege samarbeidspartnarane for biblioteket i arbeidet med dei yngste er barnehagen og helsestasjonen – to institusjonar som møter nesten alle småbarnsfamiliar jamleg. Kanskje har de allereie sporadisk kontakt og samarbeid med éin eller fleire av desse – og spørsmålet er om de vil gi denne kontakten og samarbeidet meir struktur og retning. Men det kan også vere opne barnehagar, familiesentralar, flyktningtenesta eller andre aktørar som er tett på familiar med små barn i din kommune. Kven som er aktuelle hos dykk, avheng av kva som finst lokalt og kvar de ser dei største moglegheitene og behova.

Målgrupper: Målgrupper handlar om kven de ønskjer å nå. Det er nyttig å skilje mellom primær og sekundær målgruppe:

  • Primærmålgruppe er i denne samanheng dei yngste barna. Det er desse vi ønskjer å nå. I t.d. Bokstart, som blir presentert i del 2 av kurset, er målet at barna skal få tidleg start på lesing.
  • Sekundærmålgruppe må vi i denne samanheng tenkje som inngangen til å nå dei yngste barna. I Bokstart er målet at barna skal få tidleg start på lesing, og ein når dette målet gjennom foreldra. Det er foreldra tiltaket er designa for å nå og påverke. Samarbeidspart er helsestasjon.

Val av samarbeidspart og målgruppe heng tett saman: ulike samarbeidspartnarar og tiltak gir ulike inngangar til primærmålgruppa og ulike sekundærmålgrupper. Det er difor lurt å ha tenkt igjennom og vurdert både samarbeidspart og målgrupper før de bestemmer kva tiltak eller metode de vil gå i gang med.

Merk at desse vala ikkje er endelege. Kanskje viser det seg t.d. at helsestasjonen allereie har eit opplegg dei vil byggje vidare på. Det er heilt normalt å justere undervegs – anten kven de samarbeider med, kven de ønskjer å nå, eller kva tiltak de vel.

Stopp og tenk – val av samarbeidspart og målgruppe:

  • Kven i kommunen din er tettast på småbarnsfamiliane – og har de nokon relasjon til dei frå før?

Vel nivå

Når de veit kven de vil samarbeide med og kven de ønskjer å nå, er neste spørsmål: kva slags samarbeid vil de eigentleg ha – og kva har de kapasitet til?

To verktøy kan hjelpe dykk å svare på det. Samarbeidsmodellen nedanfor skildrar karakteren på relasjonen mellom biblioteket og samarbeidspartnaren – kva de faktisk har sagt ja til saman. Taksonomien (pdf) skildrar biblioteket sin eigen innsats og kapasitet – kva de faktisk gjer og er i stand til å forplikte seg til. (Ta det fram og gjer dykk kjent med det) Begge kan vere nyttig i vurdering av tiltak og nivå.

Fire nivå som skildrar samarbeid

Det er ikkje slik at høgaste nivå alltid er det rette målet. Eit samarbeid som faktisk fungerer på nivå 2 er meir verdt enn eit ambisiøst nivå 4-opplegg ingen har kapasitet til å følgje opp. Identifiser kva de i utgangspunktet har ønskje om og kapasitet til.

Det er lov å justere

Ambisjonsnivå bør settast i dialog med samarbeidspartnaren – ikkje åleine på førehand. Det kan godt hende at de møter ein barnehage som er klare for tett og forpliktande samarbeid. Det kan like gjerne hende at kapasiteten er avgrensa og at eit lågare nivå er det rette å starte med. Begge delar er greitt. Eit samarbeid som faktisk fungerer på nivå 2 er meir verdt enn eit ambisiøst nivå 4-opplegg som ingen har kapasitet til å følgje opp.

Stopp og tenk – om ambisjonar og nivå:

  • Kva nivå av samarbeid har de hatt med barnehage eller helsestasjon tidlegare – og kva fungerte med det?
  • Kva ville vere eit realistisk ambisjonsnivå å starte på – og kva ville det krevje av dykk?

Førebu samtalen

De har no tenkt igjennom kven de vil samarbeide med, kven de ønskjer å nå og kva ambisjonsnivå som er realistisk. Det gjer samtalen med ein potensiell samarbeidspart meir konkret – anten det handlar om å starte noko nytt eller å gi eit eksisterande sporadisk samarbeid meir struktur og retning. De kjem ikkje berre med ein intensjon om å samarbeide, men med tankar om kva de ønskjer å oppnå og korleis.

Gjer lesing relevant for dei du møter

Ein vanleg felle er å presentere samarbeidet ut frå kva biblioteket ønskjer å oppnå. Det er forståeleg, men det gjer jobben hardare. Ein barnehagestyrar har mange omsyn å ta – og lesing konkurrerer med alt anna på agendaen.

Spør deg sjølv: kva er viktig for dei? Kva utfordringar jobbar dei med? Og korleis kan eit samarbeid om lesing gi meining i deira kvardag – ikkje berre i vår? Det handlar ikkje om å pakke inn bodskapen, men om å vise at du kjenner til og respekterer det dei driv med.

Kva bør avklarast i den første samtalen

Ein god første samtale treng ikkje ende med ein ferdig plan. Men det er nokre spørsmål som bør kome opp:

  • Kva er målet med samarbeidet – kva ønskjer begge partar å oppnå?
  • Kva kan kvar part bidra med – og kva er realistisk å forplikte seg til?
  • Kven er målgruppa, og korleis skal vi nå dei saman?
  • Kva ambisjonsnivå passar for oss no – og er vi einige om det?
  • Korleis held vi kontakten og evaluerer undervegs? Er dette eit avgrensa prosjekt, eller ønskjer vi at dette skal vere ein varig del av det vi gjer saman?

Det treng ikkje vere ein formell agenda. Men å ha tenkt igjennom desse spørsmåla sjølv før møtet gjer at du kjem betre førebudd og at samtalen vert meir konkret. Det er også i dette møtet andre idear og behov kan kome opp, så det gjeld å vere fleksibel. For det finnst mange vegar til leseglede og leselyst med dei yngste.

Ein siste påminning

Samarbeid tek tid å byggje – og ein god lesekultur i kommunen krev innsats over tid. Det som varer er det som er planlagt for å vare. Samarbeid krev òg to partar som begge ser verdien av det. Om den du møter ikkje har kapasitet eller interesse akkurat no, er det betre å anerkjenne det og rette blikket mot andre moglege partnarar enn å bruke energi på å overtyde nokon som ikkje er klar. Det viktige er at begge partar kjenner at samarbeidet gir meining – og at de er einige om kva de faktisk har sagt ja til.

Stopp og tenk – førebuing til møte:

  • Kva veit du om samarbeidspartnaren sin kvardag og prioriteringar – og kva treng du å finne ut meir om?
  • Korleis vil du presentere samarbeidet slik at det gir meining for dei du møter?