Tilgjengeleggjering av bøker

Å ha eit godt bokutval er ikkje nok åleine. Skal bøkene faktisk kome i bruk, må dei vere tilgjengelege der barna er, synleg, i barnehøgde og invitere til bruk.

Dette er noko biblioteket kjenner godt frå eigen praksis. Barneavdelinga er delt inn i soner, bøker er eksponerte i barnehøgd, og plasseringa er sjeldan tilfeldig, det er planlagt for å invitere til bruk. Denne kunnskapen om kvifor og korleis bøker blir plasserte, kan biblioteket dele vidare, som inspirasjon snarare enn fasit. For i barnehagen gjeld det same prinsippet i endå større grad: barna er både ute og inne, og då må bøkene vere det same.

I den første videoen er Siri Larsen, fagansvarleg barnehagebarn, med på ei barnegruppe frå Hovinenga barnehage som skal på tur. Her kjem det fram korleis bøker kan gjerast tilgjengelege på to ulike måtar.

Den første måten bøker blir gjort tilgjengeleg på, er ei bokkasse plassert i garderoben. Her tek eit barn sjølv initiativ: han plukkar med seg ei bok frå kassa, ber på ho under armen, og når gruppa kjem fram til pausestaden, vil han at boka skal lesast. Det blir ei spontan lesestund med fleire barn samla. Dette er mogleg berre fordi boka var tilgjengeleg i det barnet hadde tid og rom til å leite gjennom ei bokkasse, medan han venta på tur, utan at nokon vaksen måtte planlegge det.

Det andre måten er å ta bøker med ut. På denne turen hadde Larsen med ei bok om insekt, fordi gruppa skulle til eit område der det var venta å finne maur. Boka vart dermed ein del av sjølve turen, knytt direkte til det barna skulle oppleve. Slik kan det å utforske område og lese og sjå i bøker inngå i ein og same aktivitet.

Begge døma syner same poeng frå ulike vinklar: bøker som ligg tilgjengeleg, uansett om det er i ein bokkasse i garderoben eller i sekken på tur, blir faktisk brukte. Nokon tenkjer at bøker er sårbare og må handsamast varsamt, men skal dei bli brukt, må barna oppleve at dei er tilgjengelege, på linje med leiker.

Korleis bruke bøker i barnehagen? Siri Larsen, fagansvarleg barnehagebarn i Deichamn, blir med Hovinenga barnehage på tur.

Stopp og tenk:

  • Kvar i barneavdelinga i biblioteket dykkar er bøkene mest brukte, og kvifor akkurat der?
  • Kva idear frå eigen praksis kan de ta med vidare når de snakkar med barnehagen om plassering av bøker, både ute og inne?