Leksjon om taksonomien

Planlegg samarbeidet: mål, nivå og forventningar

Har du opplevd at eit samarbeid ikkje hjekk heilt som planlagt – at forventningane var ulike, at engasjementet skranta, eller at du sat igjen med meir arbeid enn du hadde rekna med? Har du nokre tankar om kvifor det vart slik?

Samarbeid er ikkje enkelt – og det er heilt greitt. Å skape fleire lesarar krev felles innsats – det er eit av premissane for dette kurset. Målet er at dei yngste barna i kommunen skal vekse opp med gode leseopplevingar og ei leseglede som varer – og det når vi ikkje åleine. Og dei naturlege samarbeidspartnarane, som helsestasjon og barnehage, er gjerne einige i at lesing er viktig. Leselyststrategien og nasjonale føringar har løfta lesing høgare på agendaen i mange kommunar. Men det er ein skilnad mellom å vere einig i at noko er viktig og å prioritere det i ein travel kvardag – og det gjeld oss alle.

Difor handlar godt samarbeid om meir enn god vilje. Det handlar om å vere 1) tydeleg og konkret på kva ein ønskjer å oppnå, 2) kva ein kan bidra med og 3) kva ein realistisk kan forvente av kvarandre. Det er det denne leksjonen handlar om. Vi presenterer det steg for steg – men vi veit at røyndomen sjeldan er like ryddig. Val av samarbeidspart, målgruppe og ambisjonsnivå heng saman og dukkar gjerne opp i ein annan rekkjefølgje enn vi har sett det opp her. Sjå på leksjonen som ei analytisk ramme og eit hjelpemiddel på vegen, ikkje ein fasit.

Kven vil de samarbeide med – og kven ønskjer de å nå?

Før de inviterer nokon til samarbeid, er det nyttig å skilje mellom to ting: kven de vil samarbeide med, og kven de ønskjer å nå gjennom det samarbeidet. Det er ikkje nødvendigvis dei same.

Samarbeidspartnarar: Dei mest naturlege samarbeidspartnarane for biblioteket i arbeidet med dei yngste er barnehagen og helsestasjonen – to institusjonar som møter nesten alle småbarnsfamiliar jamleg. Kanskje har de allereie sporadisk kontakt med éin eller fleire av desse – og spørsmålet er om de vil gi det meir struktur og retning. Men det kan også vere opne barnehagar, familiesentralar, flyktningtenesta eller andre aktørar som er tett på familiar med små barn i din kommune. Kven som er aktuelle hos dykk, avheng av kva som finst lokalt og kvar de ser dei største moglegheitene og behova.

Målgrupper: Målgrupper handlar om kven de ønskjer å nå. Det er nyttig å skilje mellom primær og sekundær målgruppe:

  • Primærmålgruppe er dei det konkrete tiltaket er direkte retta mot. I Bokstart, som blir presentert i del 2 av kurset, er dette foreldra. Det er dei tiltaket er designa for å nå og påverke.
  • Sekundærmålgruppe er dei ein når gjennom primærmålgruppa, og kan ofte representere det eigentlege sluttmålet og motivasjonen bak samarbeidet. I Bokstart er målet at barna skal få tidleg start på lesing, og ein når dette målet gjennom foreldra.

Val av samarbeidspart og val av målgruppe heng tett saman: ulike samarbeidspartnarar gir tilgang til ulike målgrupper, og ulike tiltak er designa for å nå ulike menneske. Det er difor lurt å ha tenkt igjennom og vurdert både samarbeidspart og målgrupper før de bestemmer kva tiltak eller metode de vil gå i gang med.

Merk at desse vala ikkje er endelege. Kanskje viser det seg at helsestasjonen allereie har eit opplegg dei vil byggje vidare på, at barnehagen har liten kapasitet akkurat no, eller at samarbeidspartnaren primært ønskjer å nå foreldre medan de hadde tenkt på barna. Det er heilt normalt å justere undervegs – anten kven de samarbeider med, kven de ønskjer å nå, eller kva tiltak de vel.

Stopp og tenk – val av samarbeidspart og målgruppe:

  • Kven i kommunen din er tettast på småbarnsfamiliane – og har de nokon relasjon til dei frå før?
  • Kven ønskjer de primært å nå – barna, foreldra eller fagpersonane rundt dei?

Vel nivå

Når de veit kven de vil samarbeide med og kven de ønskjer å nå, er neste spørsmål: kva slags samarbeid vil de eigentleg ha – og kor ambisiøst skal det vere?

Fire nivå av samarbeid

Forskar Montiel-Overall (2005) skildrar fire nivå av samarbeid mellom skule og skulebibliotek, som med tilpassing kan gi eit nyttig språk for å beskrive kva de faktisk er ute etter:

  • Koordinering: Som partar veit de kva kvarandre gjer og legg til rette utan felles planlegging. Til dømes: biblioteket stiller ut bøker eller lagar og sender ei bokkasse knytt til eit tema barnehagen jobbar med, eller helsestasjonen har informasjon om kvifor tidleg start med lesing er viktig.
  • Samverke: De deler eit felles mål og bidrar med kvar dykkar rolle, men utan felles planlegging eller evaluering. Til dømes: helsestasjonen deler ut informasjon om tidleg lesing og oppmodar til bibliotekbesøk, biblioteket tek imot familiane.
  • Samarbeid: De planlegg, gjennomfører og evaluerer saman. De veit kva kvarandre gjer og kvifor, og de justerer undervegs. Dette krev tid og tillit frå alle partar.
  • Integrert: Biblioteket er involvert i kommunen sitt heilskaplege planarbeid for tidleg innsats. Dette er ressurskrevjande og krev forankring i leiing på begge sider.

Det er ikkje slik at høgaste nivå alltid er det rette målet. Kva som er realistisk og riktig avheng av kor de er no, kva samarbeidspartnaren kan bidra med, og kva de faktisk ønskjer å oppnå.

Taksonomiane som kart

Taksonomiane de finn i dette kurset er eit konkret verktøy for å sjå kva kvart ambisjonsnivå krev – ikkje berre av biblioteket, men av alle partar. Dei viser kva som kjenneteiknar kvart steg, og kan brukast til å stille spørsmålet: kvar er vi no, og kvar er det realistisk å nå?

Bruk taksonomiane som eit kart, ikkje ein karakterskala. Dei er ikkje laga for å måle om de er gode nok, men for å gjere det lettare å snakke konkret om ambisjonar og forventningar – både internt og med samarbeidspartnarane dykkar.

NivåArbeid med lesekultur med dei yngste i kommunen
1Biblioteket tilbyr lesestunder og formidling til dei som kjem til biblioteket. Aktiviteten skjer etter førespurnad eller sporadisk initiativ. Kontakten med barnehage og helsestasjon er tilfeldig.
2Biblioteket har regelmessige tilbod i bibliotekrommet og begynner å ta kontakt med aktørar som barnehage og helsestasjon. Samarbeidet er uformelt og utan faste avtalar, men det er ein etablert relasjon.
3Biblioteket er oppsøkjande og når barn og familiar på fleire arenaer. Det finst enkle avtalar med barnehage og/eller helsestasjon. Biblioteket tenkjer bevisst på kven det når og kven det ikkje når.
4Biblioteket arbeider planlagt og koordinert saman med andre aktørar mot eit felles mål om leselyst. Formidlinga er regelmessig, dekker fleire målgrupper og er bevisst på inkludering.
5Biblioteket er ein integrert del av kommunen sitt arbeid med dei yngste. Samarbeidet er formalisert og forankra i leiing. Biblioteket arbeider metodisk for at alle barn – også dei mest sårbare – skal nå tilbodet.

Det er lov å justere

Ambisjonsnivå bør settast i dialog med samarbeidspartnaren – ikkje åleine på førehand. Det kan godt hende at de møter ein barnehage som er klare for tett og forpliktande samarbeid. Det kan like gjerne hende at kapasiteten er avgrensa og at eit lågare nivå er det rette å starte med. Begge delar er greitt. Eit samarbeid som faktisk fungerer på nivå 2 er meir verdt enn eit ambisiøst nivå 4-opplegg som ingen har kapasitet til å følgje opp.

Stopp og tenk – om ambisjonar og nivå:

  • Kva nivå av samarbeid har de hatt med barnehage eller helsestasjon tidlegare – og kva fungerte med det?
  • Kva ville vere eit realistisk ambisjonsnivå å starte på – og kva ville det krevje av dykk?

Førebu samtalen

De har no tenkt igjennom kven de vil samarbeide med, kven de ønskjer å nå og kva ambisjonsnivå som er realistisk. Det gjer samtalen med ein potensiell samarbeidspart meir konkret – anten det handlar om å starte noko nytt eller å gi eit eksisterande sporadisk samarbeid meir struktur og retning. De kjem ikkje berre med ein intensjon om å samarbeide, men med tankar om kva de ønskjer å oppnå og korleis.

Gjer lesing relevant for dei du møter

Ein vanleg felle er å presentere samarbeidet ut frå kva biblioteket ønskjer å oppnå. Det er forståeleg, men det gjer jobben hardare. Ein barnehagestyrar har mange omsyn å ta – og lesing konkurrerer med alt anna på agendaen.

Spør deg sjølv: kva er viktig for dei? Kva utfordringar jobbar dei med? Og korleis kan eit samarbeid om lesing gi meining i deira kvardag – ikkje berre i vår? Det handlar ikkje om å pakke inn bodskapen, men om å vise at du kjenner til og respekterer det dei driv med.

Kva bør avklarast i den første samtalen

Ein god første samtale treng ikkje ende med ein ferdig plan. Men det er nokre spørsmål som bør kome opp:

  • Kva er målet med samarbeidet – kva ønskjer begge partar å oppnå?
  • Kva kan kvar part bidra med – og kva er realistisk å forplikte seg til?
  • Kven er målgruppa, og korleis skal vi nå dei saman?
  • Kva ambisjonsnivå passar for oss no – og er vi einige om det?
  • Korleis held vi kontakten og evaluerer undervegs? Er dette eit avgrensa prosjekt, eller ønskjer vi at dette skal vere ein varig del av det vi gjer saman?

Det treng ikkje vere ein formell agenda. Men å ha tenkt igjennom desse spørsmåla sjølv før møtet gjer at du kjem betre førebudd og at samtalen vert meir konkret. Det er også i dette møtet andre idear og behov kan kome opp, så det gjeld å vere fleksibel. For det finnst mange vegar til leseglede og leselyst med dei yngste.

Ein siste påminning

Samarbeid tek tid å byggje – og ein god lesekultur i kommunen krev innsats over tid. Det som varer er det som er planlagt for å vare. Samarbeid krev òg to partar som begge ser verdien av det. Om den du møter ikkje har kapasitet eller interesse akkurat no, er det betre å anerkjenne det og rette blikket mot andre moglege partnarar enn å bruke energi på å overtyde nokon som ikkje er klar. Det viktige er at begge partar kjenner at samarbeidet gir meining – og at de er einige om kva de faktisk har sagt ja til.

Stopp og tenk – førebuing til møte:

  • Kva veit du om samarbeidspartnaren sin kvardag og prioriteringar – og kva treng du å finne ut meir om?
  • Korleis vil du presentere samarbeidet slik at det gir meining for dei du møter?