Ingen lesestunder er heilt stille, men nokre lesestunder legg opp til meir aktivitet enn andre. Her kallar vi ei slik lesestund for ei aktiv lesestund. I ei aktiv lesestund blir barna inviterte inn i boka, og får bruke heile kroppen når bibliotekaren les for dei. Det kan vere ei blanding av lesing og leik. Dette kan vere særleg nyttig når lesestunda er med barn som ikkje har mykje erfaring med å bli lese med i grupper. Å invitere dei til å delta med heile seg, kan utvide lesestunda og lage bru mellom lesestund og felles leik. Å legge til rette for denne typen leseaktivitet er difor ikkje berre kjekt, det kan vere avgjerande for om barna faktisk får med seg det som blir lese.
I videoen under har Siri Larsen, fagansvarleg barnehagebarn i Deichman, ei aktiv lesestund med ei barnegruppe ho ikkje kjende frå før.
[insert video]
Nettopp fordi ho ikkje kjende barnegruppa, hadde Larsen med tre bøker med eit tydeleg spenn i vanskegrad og interaktivitet: Fra topp til tå, der barna gjer det same som dyra i boka gjer, Trykk her, der barna må vente på tur og trykkje eit bestemt tal gonger, og Rot og Bjørne, ei meir tekstbasert forteljing om to ulike karakterar som mellom anna leikar gøymsel.
Dei tre bøkene fungerte ulikt, og nettopp dette illustrerer kvifor spennet er viktig. Særleg Rot og Bjørne tok ei heilt eiga vending: då Larsen føreslo å leike gøymsel slik karakterane gjer i boka, forsvann fleire av barna rett ut i si eiga gøymsel-leik, og nokre kom ikkje tilbake til lesestunda att. Larsen peiker sjølv på at dette er heilt fint, då har grensa mellom boka og barnas eigen leik visket seg ut, og det er nettopp det ei aktiv lesestund kan opne for.
Eit anna tips frå Larsen handlar om inkludering, og kan gjelde for både bibliotekarar og barnehagetilsette: viss det på førehand er kjent at eitt eller fleire barn i gruppa gjerne mister konsentrasjonen raskt, er det grep som barnehage og bibliotek kan gjere. Eit grep er å la det eller desse barna velje boka som skal bli lese høgt. Eit anna er å lese boka med det eller desse barna i forkant av lesestunda. Når dei så kjem inn i fellesstunda, kjenner dei boka alt betre enn resten, noko som kan gi ei kjensle av meistring og gjere det lettare å halde fokus gjennom heile lesestunda.
Gjennomgåande gjeld eitt prinsipp: ein må heile tida vere lydhøyr for den gruppa som faktisk sit der. Om nokon berre vil sjå på omslaget, eller vil starte bakfrå, er det greitt. Målet er at barna skal kjenne meistring, ikkje at planen blir følgd til punkt og prikke.
Dette emnet handlar om aktiv formidling. Vil du gå djupare inn i korleis ei lesestund kan planleggjast steg for steg, finn du meir spesifikk kunnskap om det i kurset [komande kurs om planlagd lesestund].
Stopp og tenk:
At bøker blir brukt i barnehagen, er opp til barna og dei tilsette. Spørsmålet å stille seg som bibliotekar, er: korleis kan eg støtte opp om det? Dei tre situasjonane du har møtt i denne leksjonen, bøker på tur, presentasjon av ei ny bokpakke, og ei aktiv lesestund, er tre svar på nettopp det spørsmålet. Dei syner ulike sider av same sak: bøker kjem berre i bruk når nokon gjer dei tilgjengelege, skaper interesse for dei, og formidlar dei på ein måte som treff barnegruppa som faktisk er der. Dette er kunnskap biblioteket alt har, henta frå eiga erfaring med barn og bøker, men som kan delast vidare med dei tilsette i barnehagen, og med foreldre.
Bokpakke-samarbeid med barnehagen og formidling av bøker er noko mange bibliotekarar alt har erfaring med, det er kjend praksis. Spørsmålet er kor godt desse aktivitetane er sett i samanheng med kvarandre. Kombinert med planlegging og forankring av samarbeid, som du las om i del 1, kan kjend praksis bli til målretta tiltak.