Du har no vore gjennom del 1, der du har tenkt gjennom kvifor lesing er viktig, kven de vil samarbeide med og nå, og kva nivå samarbeidet kan ligge på. I denne delen møter du fire konkrete tiltak biblioteket kan bruke for å nå dei yngste med lesing: Bok i bruk i barnehagen, Tøyveskebiblioteket, Bokstart og Formidling med ASK-metoden.
Dei fire tiltaka rettar seg delvis mot ulike målgrupper og krev ulik grad av samarbeid. Bok i bruk i barnehagen handlar om eit løpande samarbeid med barnehagen som institusjon. Tøyveskebiblioteket har føresette og barnehagebarn som målgruppe, gjennom samarbeid med barnehagen. Bokstart er retta mot dei aller yngste og føresette, ofte i samarbeid med helsestasjonen. Formidling med ASK-metoden handlar om å tilpasse formidlinga slik at alle barn blir inkludert, ved bruk av metoden alternativ og supplerande kommunikasjon.
Du treng difor ikkje lese tiltaka etter kvarandre frå først til sist. Gå gjerne rett til det som er mest relevant for biblioteket dykkar akkurat no. Ta med deg tankane om målgruppe, planlegging og systematikk frå del 1 når du ser på kvart tiltak: kven når det, kva krev det av samarbeid, og kva nivå passar for dykk?