Har du opplevd at eit samarbeid ikkje gjekk heilt som planlagt – at forventningane var ulike, at engasjementet skranta, eller at du sat igjen med meir arbeid enn du hadde rekna med? Har du nokre tankar om kvifor det vart slik?
Samarbeid er ikkje enkelt – og det er heilt greitt. Å skape fleire lesarar krev felles innsats – det er eit av premissane for dette kurset. Om målet er at dei yngste barna i kommunen skal vekse opp med gode leseopplevingar og ei leseglede som varer, må vi ha gode og effektive samarbeid. Dei naturlege samarbeidspartnarane, som helsestasjon og barnehage, er einige i at lesing er viktig. Leselyststrategien og nasjonale føringar har dessutan løfta lesing høgare på agendaen i mange kommunar. Men det er ein skilnad mellom å vere einig i at noko er viktig og å prioritere det i ein travel kvardag – og det gjeld oss alle.
Difor handlar godt samarbeid om meir enn god vilje. Det handlar om å vere tydeleg og konkret på kva ein ønskjer å oppnå, kva ein kan bidra med og kva ein realistisk kan forvente av kvarandre. Det er det denne leksjonen handlar om. Vi presenterer det steg for steg – men vi veit at det i røynda sjeldan er like ryddig. Val av samarbeidspart, målgruppe og ambisjonsnivå heng saman og dukkar gjerne opp i ein annan rekkjefølgje enn vi har sett det opp her. Sjå på leksjonen som ei analytisk ramme og eit hjelpemiddel på vegen, ikkje ein fasit.
Før de inviterer nokon til samarbeid, er det nyttig å skilje mellom to ting: kven de vil samarbeide med, og kven de ønskjer å nå gjennom det samarbeidet. Det er ikkje nødvendigvis dei same.
Samarbeidspartnarar: Dei mest naturlege samarbeidspartnarane for biblioteket i arbeidet med dei yngste er barnehagen og helsestasjonen – to institusjonar som møter nesten alle småbarnsfamiliar jamleg. Kanskje har de allereie sporadisk kontakt og samarbeid med éin eller fleire av desse – og spørsmålet er om de vil gi denne kontakten og samarbeidet meir struktur og retning. Men det kan også vere opne barnehagar, familiesentralar, flyktningtenesta eller andre aktørar som er tett på familiar med små barn i din kommune. Kven som er aktuelle hos dykk, avheng av kva som finst lokalt og kvar de ser dei største moglegheitene og behova.
Målgrupper: Målgrupper handlar om kven de ønskjer å nå. Det er nyttig å skilje mellom primær og sekundær målgruppe:
Val av samarbeidspart og målgruppe heng tett saman: ulike samarbeidspartnarar og tiltak gir ulike inngangar til primærmålgruppa og ulike sekundærmålgrupper. Det er difor lurt å ha tenkt igjennom og vurdert både samarbeidspart og målgrupper før de bestemmer kva tiltak eller metode de vil gå i gang med.
Merk at desse vala ikkje er endelege. Kanskje viser det seg t.d. at helsestasjonen allereie har eit opplegg dei vil byggje vidare på. Det er heilt normalt å justere undervegs – anten kven de samarbeider med, kven de ønskjer å nå, eller kva tiltak de vel.
Stopp og tenk – val av samarbeidspart og målgruppe:
Når de veit kven de vil samarbeide med og kven de ønskjer å nå, er neste spørsmål: kva slags samarbeid vil de eigentleg ha – og kva har de kapasitet til?
To verktøy kan hjelpe dykk å svare på det. Samarbeidsmodellen nedanfor skildrar karakteren på relasjonen mellom biblioteket og samarbeidspartnaren – kva de faktisk har sagt ja til saman. Taksonomien (pdf) skildrar biblioteket sin eigen innsats og kapasitet – kva de faktisk gjer og er i stand til å forplikte seg til. (Ta det fram og gjer dykk kjent med det) Begge kan vere nyttig i vurdering av tiltak og nivå.
Fire nivå som skildrar samarbeid
Biblioteket yter eit tilbod som den andre parten tek imot. Initiativet kan kome frå begge partar, og det kan vere dialog om innhald og gjennomføring. Kommunikasjonen tener leveransen: han handlar om å spesifisere, tilpasse og gjennomføre eit konkret tilbod. Samhandlinga er knytt til det einskilde tilbodet, og gjentaking endrar ikkje karakteren av relasjonen. Sjå i taksonomien: kjenner de dykk att i at tilbodet skjer etter førespurnad og at kontakten med samarbeidspartnaren er tilfeldig? Då er de her.
Begge partar er orienterte mot eit felles overordna mål og har utvikla ein varig relasjon der dei nyttar kvarandre aktivt over tid. Kvar part har ansvar for og gjennomfører eiga rolle, utan felles planlegging eller evaluering. Skiljet frå tenesteyting er at relasjonen ikkje er knytt til einskilde leveransar: partane tilpassar seg kvarandre kontinuerleg fordi dei deler eit mål, ikkje fordi dei har avtalt eit konkret tilbod. I taksonomien: dette svarar gjerne til at biblioteket har regelmessige tilbod, har teke kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar og har ein etablert – men uformell – relasjon.
Partane har regelmessig dialog om mål, roller og gjennomføring, og vurderer og justerer samarbeidet saman. Dei kjenner til og forstår kvarandre sine bidrag. Samarbeidet er aktivt og gjensidig, men kan vere personavhengig. Dette kan gjelde både avgrensa prosjekt og meir faste samarbeidsopplegg som går over tid. I taksonomien: biblioteket er oppsøkjande, når barn og familiar på fleire arenaer, og det finst enkle avtalar. Biblioteket tenkjer bevisst på kven det når – og kven det ikkje når.
Samarbeidet er systematisk, kontinuerleg og ein integrert del av begge partar sin ordinære praksis. Det er ikkje knytt til enkeltpersonar eller einskilde prosjekt, men er nedfelt i rutinar, planverk eller avtalar som held det i live over tid. Ein samarbeidsavtale kan vere eit instrument for dette, men er ikkje tilstrekkeleg åleine. I taksonomien: dette kjenner de att på at samarbeidet er formalisert og forankra i leiing, og at biblioteket arbeider metodisk for at alle barn skal nå tilbodet.
Det er ikkje slik at høgaste nivå alltid er det rette målet. Eit samarbeid som faktisk fungerer på nivå 2 er meir verdt enn eit ambisiøst nivå 4-opplegg ingen har kapasitet til å følgje opp. Identifiser kva de i utgangspunktet har ønskje om og kapasitet til.
Det er lov å justere
Ambisjonsnivå bør settast i dialog med samarbeidspartnaren – ikkje åleine på førehand. Det kan godt hende at de møter ein barnehage som er klare for tett og forpliktande samarbeid. Det kan like gjerne hende at kapasiteten er avgrensa og at eit lågare nivå er det rette å starte med. Begge delar er greitt. Eit samarbeid som faktisk fungerer på nivå 2 er meir verdt enn eit ambisiøst nivå 4-opplegg som ingen har kapasitet til å følgje opp.
Stopp og tenk – om ambisjonar og nivå:
De har no tenkt igjennom kven de vil samarbeide med, kven de ønskjer å nå og kva ambisjonsnivå som er realistisk. Det gjer samtalen med ein potensiell samarbeidspart meir konkret – anten det handlar om å starte noko nytt eller å gi eit eksisterande sporadisk samarbeid meir struktur og retning. De kjem ikkje berre med ein intensjon om å samarbeide, men med tankar om kva de ønskjer å oppnå og korleis.
Gjer lesing relevant for dei du møter
Ein vanleg felle er å presentere samarbeidet ut frå kva biblioteket ønskjer å oppnå. Det er forståeleg, men det gjer jobben hardare. Ein barnehagestyrar har mange omsyn å ta – og lesing konkurrerer med alt anna på agendaen.
Spør deg sjølv: kva er viktig for dei? Kva utfordringar jobbar dei med? Og korleis kan eit samarbeid om lesing gi meining i deira kvardag – ikkje berre i vår? Det handlar ikkje om å pakke inn bodskapen, men om å vise at du kjenner til og respekterer det dei driv med.
Kva bør avklarast i den første samtalen
Ein god første samtale treng ikkje ende med ein ferdig plan. Men det er nokre spørsmål som bør kome opp:
Det treng ikkje vere ein formell agenda. Men å ha tenkt igjennom desse spørsmåla sjølv før møtet gjer at du kjem betre førebudd og at samtalen vert meir konkret. Det er også i dette møtet andre idear og behov kan kome opp, så det gjeld å vere fleksibel. For det finnst mange vegar til leseglede og leselyst med dei yngste.
Ein siste påminning
Samarbeid tek tid å byggje – og ein god lesekultur i kommunen krev innsats over tid. Det som varer er det som er planlagt for å vare. Samarbeid krev òg to partar som begge ser verdien av det. Om den du møter ikkje har kapasitet eller interesse akkurat no, er det betre å anerkjenne det og rette blikket mot andre moglege partnarar enn å bruke energi på å overtyde nokon som ikkje er klar. Det viktige er at begge partar kjenner at samarbeidet gir meining – og at de er einige om kva de faktisk har sagt ja til.
Stopp og tenk – førebuing til møte: