Søk støtte til arrangement under Forskingsdagane 2023

Logo til partnere og arrangement til Forskningsdagene

Har biblioteket ditt ein idé til eit arrangement som formidlar forskning? Som skapar begeistring og engasjement? Forskingsrådet ønsker at fleire bibliotek skal delta på Forskingsdagane 2023, og deler ut støtte til arrangement som informerer og gjer forsking meir tilgjengeleg.

Festivalen består av store og små arrangement rundt om i heile landet, og har som mål å formidle forsking til folk flest. Det er to ordningar du kan søke på, ei generell arrangementsstøtte og ei ordning som støttar arrangement under «Researchers Night» den 30. september.

Formålet er at arrangementa skal skape begeistring og forståing for forsking. Årets tema er energi, og dersom du søkjer er det positivt om arrangementet handlar om årets tema, men det er ikkje eit krav.

Alt frå forskingsinstitusjonar til museum, bibliotek, sjukehus, bedrifter og foreiningar står bak arrangementa som kan gå føre seg på ulike stader der folk er. Det kan vere kafear, pubar, kjøpesenter, togstasjonar, kultur- og litteraturhus, båtar, bussar, torg i sentrum eller hjå ein institusjon.

Forskingsrådet legg opp til at alle som vil kan kome med forslag til arrangement. Så vel ein jury ut dei beste og støttar dei med midlar.

Forskingsdagane foregår fra 20.september til 1.oktober 2023.

Fristen for å sende inn forslag er 31. mars.