Verksregister
Lenge har det vore sakna eit høve til å få oversikt over alle variasjonane av eit verk. Tradisjonell metadatapraksis legg vekt på kvar enkelt manifestasjon (utgåve, omsetjing) av eit verk, og vi har i dag ingen sikker metode for å knyte saman slike i etterkant for å kunne identifisere dei ulike variantane/utgåvene som representerer eitt og same verk. Ved at vi registrerer verk som eigne einingar som dei ulike utgåvene kan knytast opp mot under katalogiseringa, får vi ein reiskap for dette.

Nasjonalt autoritetsregister over verk
Nasjonalbiblioteket er i gang med å etablere eit register over verk der kvart verk blir tildelt ein global identifikator og skildra med tittel, skapar(ar), emne, tidsrom, relasjonar til andre verk og anna.

Arbeidet med Verksregisteret blir gjort i samarbeid med Kunnskapsdepartementets tenesteorgan (før BIBSYS), som står for den tekniske utviklinga.

Registeret skal vere ope publisert i både maskinleseleg (som lenkja data, RDF) og menneskeleseleg form. Vi tenkjer oss også at verksregisteret skal kunne oppdaterast av alle bibliotek, og at det derfor potensielt kan innehalde alle verk som finst i norske bibliotek. Verka som er representerte i nasjonalbibliografien, blir ei delmengd av dette og skal forvaltast av Nasjonalbiblioteket.

Betre sluttbrukartenester
Eit register over verk vil vere viktig i arbeidet med å tilby betre og meir informative sluttbrukartenester. Til dømes blir det mogleg å tilby ein samla presentasjon av alle utgåver og omarbeidingar av eit verk når brukaren ønskjer dette. Verksregistret skal bli tilbydd som lenkja data. Skildringa av verka vil derfor innehalde referansar til andre typar autoritetar, som personar, korporasjonar og emne. Ved at ein knyter saman verk med andre globalt definerte einingar, vil det også bli mogleg for tredjepartar å utvikle sluttbrukartenester.

Kva er eit verk, og korleis representere det?

I biblioteksamanheng ser vi på verk som noko reint konseptuelt, på den måten at eit verk berre er tilgjengeleg for brukarane via ei av formene det er manifestert eller realisert i. For å «bruke» verket Sult må ein altså anten lese ei bestemt trykt utgåve, lese ei bestemt e-bokutgåve, høyre ei bestemt lydbokutgåve eller skaffe seg tilgang til andre variantar av verket. Alle desse variantane er detaljert skildra – kvar for seg – i bibliotekkatalogane. Det at dei faktisk er variantar av eitt og same verk er likevel ikkje eksplisitt lagt inn i katalogane i dag.

Kva for eigenskapar som er definerande for omgrepet «verk», altså korleis eit verk bør avgrensast, er ikkje opplagt, og kan vere ulik innanfor ulike uttrykksområde (litteratur, musikk, film, etc).

Ei av hovudoppgåvene på vegen mot eit nasjonalt verksregister har nettopp vore å finne ein god definisjon for verksomgrepet. Representerer til dømes ulike omsetjingar av Sult det same verket? Kva med forkortingar? Hovudutfordringa her har vore å finne ein modell som er pragmatisk nok til å kunne bli brukt til automatisk uttrekk av verk frå eksisterande metadata, samtidig som han skaper reell nytteverdi for sluttbrukarane. Med andre ord, vi har prøva å kome fram til ein verksmodell som er pragmatisk frå eit konverteringsperspektiv og brukarvennleg frå eit sluttbrukarperspektiv.

Her finn du sjølve datamodellen og metadatavokabularet.

Planar framover

Verksregisteret skal lanserast hausten 2018.

Den første versjonen blir basert på innhaldet i Alma, Nasjonalbibliotekets hovudkatalog for publisert materiale. Dette tyder mellom anna at heile nasjonalbibliografien for bøker er med frå starten av.

Etter kvart skal verksregisteret utvidast med verk representert ved materiale frå andre katalogar i Nasjonalbiblioteket, både arkiv-materiale og publisert.

Ved lanseringa skal det også vera klart eit API (Application Programming Interface) som tredjepart kan nytte til å aksessere og oppdatere verksregisteret frå sitt eige system eller teneste.

For meir informasjon, kontakt Elise Dawn Conradi eller Oddrun Pauline Ohren, Nasjonalbiblioteket.

Presentasjonar frå seminar om verksregister 14. oktober 2016