«Herr Kurz i biblioteket»

Prosjekteier: Sogn og Fjordane fylkesbibliotek
Kontaktperson: Siri Ingvaldsen
Tidsperiode: 2015
Samlet støtte: 370 000kr
Kategori: Biblioteket som møteplass, Nye formidlingsmetoder

Mål

HOVUDMÅL
Gjennom prosjektet skal dei deltakande folkebiblioteka vidareutvikle seg som profesjonelle formidlarar og arrangørar for i større grad å kunne møte forventningane som ligg i den reviderte biblioteklova.
DELMÅL
Å utvikle ny kunnskap om formidlingsmetodar og om biblioteket som
formidlingsarena.
Å vidareutvikle samarbeidet mellom biblioteka og å etablere samarbeid med andre kulturinstitusjonar (teaterfeltet).
Å vise kunstuttrykk av høg kvalitet i biblioteka.
Å løfte fram den lokale litteraturen.
Å synleggjere biblioteka og å profesjonalisere marknadsføringa.
Å gjere systematisk evaluering av arrangement i bibliotek.

Beskrivelse

Folkebibliotek i Sogn og Fjordane vil i samarbeid med Aldateateret og Sogn og Fjordane Teater syne teaterstykket «Herr Kurz og damene». Fylkesbiblioteket leier prosjektet, og Aldateateret er teknisk produsent. Sogn og Fjordane Teater står, saman med Aldateateret, for den teaterfaglege kompetansen i prosjektet, og  bidreg også økonomisk.
Målet er profesjonalisering: å vidareutvikle kunnskap om formidling og arrangement, og å nytte ut biblioteket som møteplass og formidlingsarena. Vi  ynskjer å heve kompetansen på planlegging, gjennomføring og evaluering av denne typen arrangement, og å sjå på korleis biblioteket kan synleggjerast som arena og arrangør. Eit sentralt mål er òg å etablere samarbeid på tvers av institusjonsgrenser og å byggje tettare nettverk mellom biblioteka.

Dokumentasjon:

Søknad
Rapport