Folkeverkstad i ein innovasjonslab?

Prosjekteier: Bø bibliotek
Kontaktperson: Ingvild Elvestad Tørre
Tidsperiode: 2016 -
Samlet støtte: 150 000kr
Kategori: Forprosjekt

Mål

Bø bibliotek ønskjer å undersøke om, og utarbeide detaljplanar og erfaringsgrunnlag for korleis, ein folkeverstad fysisk og strukturelt kan integreras i ei felles innovasjonslabsatsing i Bø kunnskapspark, med overføringsverdi til andre bibliotek.

Beskrivelse

Ei av hovudmålsettingane med campus og kunnskapsparken er å styrke koblinga mellom høgskulemiljøet, næringslivet og lokalsamfunnet for øvrig. I dette biletet
trur vi at ein lavterskelbasert folkeverkstad med tilknyting til eit profesjonelt kompetanse- og innovasjonsmiljø vil vere ei god løysing for alle partar.

Utfordringa her blir å finne kva slags rolle biblioteket skal ha. Dette er ny mark for oss, og me søkjer difor støtte til eit forprosjekt for å kartlegge
dei mest formålstenelege løysingane for eit slikt samarbeid, og kva det bør innehalde. Me trur også at dette forprosjektet kan gjere det enklare for andre å
finne ut av korleis ein kan samarbeide med andre aktørar (private) utanfor biblioteket sitt tradisjonelt definerte rom, utan at biblioteket mister sin legitimet som
offentleg institusjon.

 

Dokumentasjon
Søknad