Nordfjord Urban Games

  • Prosjekteier Vågsøy folkebibliotek
  • Antall år 1
  • Samlet støtte 100000 kr

Mål

Biblioteka i Nordfjord ønskjer å lage interaktive spel basert på handling frå litteraturverda. Ved å ta i bruk ny teknologi, ønskjer biblioteka å opne tilgang til litteratur på ei ny og spanande måte.

Beskrivelse

Bakgrunn

Biblioteka i Nordfjord har samarbeidd om arrangement og andre tiltak i fleire år. No ønskjer vi å gå vidare frå «vanlege» arrangement i biblioteket, til å prøve noko heilt nytt. Vi har blitt inspirert av vellukka arrangement i Polen der kulturinstitusjonar, og i stor grad biblioteka, legg til rette for spel ute i by-bilete der handlinga og utfordringar er basert på kjende litterære verk. Dei polske biblioteka har ved eit vellukka samarbeid med finske gründarar innan spelkoding tatt i bruk eit redigeringsverktøy som heiter Action Track. Dette gjer det mogleg å sjølv skape mobile spel ( mobile games) på ein enkel måte. Under ulike kulturarrangement dei siste åra har blant anna storbyane Gdansk og Wroclaw gjennomført mobilt-spel ute i gatene basert på krimklassikarar som Sir Arthur Conan Doyle. Under spela er publikum utstyrt med eigne mobiltelefonar og bidreg til å løyse krimgåter medan dei forflyttar seg frå punkt til punkt (basert på GPS-navigasjon) og løyser oppgåver.

Frå bok til spel
I prosjektet skal tilsette på dei 6 deltakarbiblioteka lære å lage spel med utgangspunkt i bøker ved bruk av verktøyet Action Track. Til dette brukar ein fagpersonar frå firmaet Goodbooks som held kurs og workshops for bibliotektilsette. Før og mellom kurs/workshop har ein samlingar med førebuing og vidare arbeid med spelutvikling.
Tradisjonelt er handlinga i ei bok lineær. Vi følgjer helten frå utgangspunktet via ulike utfordringar fram til ei løysning. For å lage spel av ei bok må ein sjå på handlinga, identifisere personar som skal vere heltar og utfordringar dei møter på veg til målet i boka. Istadenfor ei lineær handling gir ein brukarane meiningsfulle valmoglegheiter og hjelpemiddel som leier til ulike utgangar/løysningar. Dei ulike vala skal skape ulike konsekvensar og (emosjons-) mønster for framtida til helten.

Fleire bruksområde
Vi kjem til å invitere andre lokale aktørar til å delta/hospitere sidan vi meiner verktøyet kan brukast innanfor mange ulike område, både i undervisning, til å gjere folk kjende med lokalhistorie, på museum, galleri og lokale attraksjonar.
Korleis kan ein bruke Action Track for å skape interesse for lesing?
For å skape og auke interesse for lesing, vil vi (etter gjennomført arrangement) også gjennomføre kurs for skulebarn på biblioteket der dei lærer å designe eigne spel. Spelskaping gir like mykje spenning som speling! Og: for å "gamifisere" ei bok må ein først lese ho!
Spelinteresserte vil gjerne vite meir om spelets univers og går tilbake til boka for å få vite meir.

Kva er Action Track?
Action Track er ein software utvikla i Finland til bruk for m.a. "gamefisering" av litteratur. Action Track er eit program som gjer det mogleg å skape og enkelt redigere eit dataspel til bruk i mellom anna mobile byspel. Spelet blir gjort ope tilgjengeleg online. Deltakarane brukar eigne mobiltelefonar der dei lastar ned ein gratis app. Spelet blir spelt online ved bruk av gps-navigasjon som leier deltakarane frå sjekkpunkt til sjekkpunkt der dei får nye oppgåver. Deltakarane kan følgje med andre som er med og rivalisere med desse. Oppgåvene kan vere alt frå vanlege svar-alternativ til meir aktive utfordringar der ein skal filme, ta bilete eller foreslå løysningar. Deltakarane får respons med det same i form av lyd og bilete-feedback. Arrangørane har høve til å følgje med under heile spelet og hjelpe til interaktivt dersom det trengst. Under heile spelet samlast også statistiske data ein kan bruke ved evaluering og design av eit nytt spel. Action Track-software gjer det mogleg å skape eit uavgrensa tal spel som kan brukast via den same appen. Etter sjølvet arrangementet vil spelet bli liggjande på nettet til ope bruk for alle.
Action Track kan brukast til å skape GPS-baserte spel, off-line spel og innandørs spel t.d. inne i lokala til biblioteket. For å skape eit mobilt byspel plottar ein oppgåver på eit gitt gps-kart, anten av eksisterande lokalområde eller eit fiktivt kart frå eit litterær univers. Deltakarane forflyttar seg fysisk frå eit start-område til mål via ei rekkje sjekkpunkt der dei får opne oppgåver, alt ved bruk av eigne mobilar med Action Track-app. Ein kan også lage spel basert på qr-kodar som ein kan hengje opp rundt om på biblioteket og/eller plassere inne i bøker.