6. juli 2018

Utlysning av midlar til folkebiblioteka

500 år etter at den første norske boka blei trykt, inviterer Nasjonalbiblioteket til nasjonalt bokår. Bokåret 2019 skal feirast med minst 500 arrangement i 500 bibliotek landet over.

Dei siste åra har biblioteka blitt utvikla som debatt- og litteraturhus gjennom den nasjonale bibliotekstrategien. I strategiperioden har biblioteka fått støtte til å utvikle seg til å bli gode møteplassar med fleire arrangement og aktivitetar for brukarane. I Bokåret 2019 er det leseglede og litteraturformidling som skal stå i sentrum. Midlane finansieras gjennom overskotet frå Norsk Tipping.

Sjå heile utlysninga her.

Nasjonalbiblioteket vil i haust gå i dialog med andre organisasjonar som fremmer lesing for å planlegge prosjekt som skal skapa interesse og begeistring for bøker, litteratur og lesing.