15. mars 2018

Nasjonalbiblioteket inviterer til nasjonalt bokår i 2019

500 år etter at den første norske boka blei trykt, inviterer Nasjonalbiblioteket til nasjonalt bokår. Bokåret 2019 skal feirast med minst 500 arrangement i 500 bibliotek landet over. Dette kom fram på det 76. norske bibliotekmøtet i Sandefjord torsdag.

Dei siste åra har biblioteka blitt utvikla som debatt- og litteraturhus gjennom den nasjonale bibliotekstrategien. I strategiperioden har biblioteka fått støtte til å utvikle seg til å bli gode møteplassar med fleire arrangement og aktivitetar for brukarane. I Bokåret 2019 er det leseglede og litteraturformidling som skal stå i sentrum.

– Bokåret 2019 skal bli ei feiring av boka ute blant dei som les og dei som formidlar litteraturen. Noreg er eit land der folk er glade i både å lese og skrive. Vi vil leggje til rette for at alle bibliotek i landet skal vere med på feiringa av den norske lesegleda, seier direktør for Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.

I Bokåret 2019 er Noreg også valt ut til å vere hovudland på Bokmessa i Frankfurt.

– Eksporten av norsk litteratur er ein fantastisk suksess, og i Bokåret 2019 er det flott at Noreg får markere seg overfor den internasjonale bokbransjen og eit stort internasjonalt publikum. Men alle norske forfattarar startar med å gje ut bøkene sine i Noreg. Den norske lesegleda er dermed eit grunnlag for denne suksessen, og dei norske biblioteka er vårt beste middel for å halde både lese- og skrivegleda ved lag, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Nasjonalbiblioteket har etablert fleire bokhistoriske forskingsprosjekt i samband med Bokåret 2019 og vil arrangere ei rekkje fagseminar knytt til desse i løpet av året. Ein bibliografi over norske bøker fram til 1850 skal lanserast, og biblioteka får tilbod om ei plakatutstilling om den norske bokhistoria.