5. desember 2018

Nasjonalbiblioteket gir 27 millionar til leselyst i Bokåret 2019

Nasjonalbiblioteket fordeler no 27 millionar kroner til bibliotek og andre institusjonar som skal formidle leseglede i Bokåret 2019. Heile 500 bibliotek får støtte til å gjennomføre til saman 1 500 arrangement i bokåret.

– Med det store bokåret satsar vi på tiltak som styrkjer leselysta og lesegleda. Gjennom heile 2019 skal arrangement og prosjekt skape entusiasme og iver for lesing over heile Noreg. Det store engasjementet Nasjonalbiblioteket opplever tyder på at vi går eit spennande bokår i møte, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Nasjonalbiblioteket fekk inn søknadar for nær 70 millionar kroner til ulike lesetiltak.

– Den store søkjarmassen viser at det er stor interesse for bokåret, og søknadane syner at det er stor entusiasme og kreativitet i arbeidet med å fremje leseglede i Noreg. Dette lovar godt for bokåret, seier prosjektleiar for Bokåret 2019 Liv Guldbrandsen.

15 millionar av dei tildelte midla går til folke- og fylkesbibliotek over heile landet, medan 12 millionar går til leseorganisasjonar, litteraturinstitusjonar og andre som ynskjer å markere bokåret. Prosjekta som får støtte skal skape interesse og begeistring for bøker, litteratur og lesing.

Planane om Bokåret 2019 blei lagde fram av kulturminister Trine Skei Grande tidlegare i år. Alt i alt skal Nasjonalbiblioteket løyve 30 millionar til arrangement og leselystprosjekt i bokåret, som vil starte med høgtlesing over heile Noreg i midten av januar.

Tildeling Bokårsmidler 2019 til bibliotek

Tildeling Bokårsmidler 2019 til organisasjoner

Les mer om bokåret på www.nb.no/bokar-2019

 

For meir informasjon, kontakt:
Presseansvarleg Nina Bræin, e-post: nina.brain@nb.no, telefon: 23 27 62 14, mobil: 951 50 912
Avdelingsdirektør Svein Arne Tinnesand, e-post: sveinarne.tinnesand@nb.no, mobil: 482 61 217