14. november 2018

Har du husket å melde deg på Haakon Nyhuus-seminaret?

Haakon Nyhuus-seminaret 2018: SAMAN OM LESING

Husk påmeldingsfristen 15.november!

Haakon Nyhuus
Haakon Nyhuus

Ei rekkje dyktige prosjektleiarar og samarbeidspartnarar frå ulike bibliotek i landet kjem saman og presenterar erfaringane sine frå prosessar i arbeidet sitt. Dei fortel også om utfordringar og moglegheiter i samarbeidet mellom folkebibliotek og skule.

Nasjonalbiblioteket, saman med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, ønskjer med Haakon Nyhuus-seminaret i 2018 å synleggjera det interessante utviklingsarbeidet som skjer i samarbeidet mellom folkebibliotek og skule. Lesing står sentralt i dette samarbeidet, og erfaringskonferansen vil slik også vere ei førebuing til Bokåret 2019.

Elise Seip Tønnessen, professor ved Universitetet i Agder, er invitert til å halde hovudforedraget om lesing og møte med barnelitteraturen.

Haakon Nyhuus-seminaret «Saman om lesing» finn stad  torsdag 29.november kl. 10:00-15:30 i Nasjonalbiblioteket, Auditoriet på Solli plass. Seminaret er gratis for alle, lunsj inkludert.

Meir om program og påmelding finn du her

https://sfj.pameldingssystem.no/nyhus2018