4. juli 2018

Haakon Nyhuus-seminaret 2018: Saman om lesing

"Saman om lesing" er ein erfaringskonferanse om samarbeid mellom folkebibliotek og skule.

Nasjonalbiblioteket, saman med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, ønskjer med Haakon Nyhuus-seminaret i 2018 å synleggjera utviklingsarbeidet som skjer i samarbeidet mellom folkebibliotek og skule. Ulike utviklingsprosjekt på dette feltet vil verte presenterte for å dela kunnskap og erfaringar frå prosessar og for å vise kva utfordringar og moglegheiter som finst. Lesing står sentralt i dette samarbeidet, og erfaringskonferansen vil slik også vere ei førebuing til Bokåret 2019.

Elise Seip Tønnessen, professor ved Universitetet i Agder, er invitert til å halde hovudforedraget om lesing og møte med barnelitteraturen.

Haakon Nyhuus-seminaret «Saman om lesing» finn stad torsdag 29.november kl. 10:00-15:30 i Nasjonalbiblioteket, Auditoriet på Solli plass.

Sjå meir om konferansen her.