3. juli 2018

Enklare tilgang til samlingane ved Nasjonalbiblioteket

Dei nye føresegnene til pliktavleveringslova skal gjere tilgangen til Nasjonalbibliotekets samling enklare for brukarane.

Kulturdepartementet har fastsett nye føresegner for avlevering av allment tilgjengelege dokument. Dei nye føresegnene til pliktavleveringslova inneber at dokumenta i Nasjonalbiblioteket sine samlingar skal gjerast tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon uavhengig av geografisk avstand til forskingsinstitusjonane. Dette vil gjere tilgangen til Nasjonalbibliotekets samling enklare for brukare i heile landet. Det vert òg gjort endringar i føresegna til åndsverklova.

Les meir hos Kulturdepartementet.