10. juli 2017

Arena Indre Sogn

2. oktober er fristen for å søke arenamidlar for 2018. Bibliotekutvikling.no har i sumar spurt bibliotek som tidlegare har fått midlar om kva erfaringar dei har gjort seg med desse midlane. Denne gong Signe Witsø, som er biblioteksjef i Sogndal kommune.

Kva har arenamidlane hatt å seie for ditt bibliotek?
Vi har fått midlar til fysisk utrusting av biblioteket i høve arrangement. Her har pengane vorte brukt til utstyr som gjer det enklare og mykje betre å ha arrangement i biblioteket. Vi søkte og midlar til arrangement saman med seks andre bibliotek i Indre Sogn (Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster og Vik) som vi akkurat hadde laga samarbeidsavtale med då desse midlane vart lyst ut første gong. Det vart ein «flying start» for samarbeidet.

Korleis er midlane brukt?
Vi brukte pengar på 30 stolar på tre flyttbare stativ, justerbart pc/prosjektorbord og mørke blendingsgardiner. Saman med dei andre biblioteka har vi hatt forfattarturnéar med Sigri Sandberg om Jotunheimen og Lisbeth Dreyer om fotografen Knud Knudsen og barneteater med Aldateateret. Vi hadde turné til alle biblioteka no i mai med Amal Aden. Til hausten blir det teater for ungdom og vaksne: Rolf Losnegaard, Gilgamesh og forfattarbesøk av Ottar Fyllingsnes med «Færøyane».

Kva er erfaringa så langt?
Vi hadde brukt årevis på å kunne skaffe oss det fysiske utstyret med berre eigne midlar. Sjølv om vårt bibliotek hadde relativt bra erfaring med forskjellige slags arrangement i biblioteket frå før, så har desse midlane ført til at alle dei samarbeidande biblioteka har tenkt i lag på kva arrangement vi ønska og hatt overordna tema som «Kulturelt møterom». Mykje læring i å organisere turnéar.

Kva er ditt råd til andre bibliotek når det gjeld bruken av arenamidlar?
Samarbeid med andre bibliotek  i nærleiken er lurt dersom ein skal ha t.d. ein forfattar som kjem reisande – då kan ein dele på kostnader. Det er lurt å vere tidleg ute med planlegging og førespurnader til forfattar eller andre.

 

Les årets utlysning av arenamidler her.