Ting 10 Videoproduksjon for ferskingar

Av Nes bibliotek, Vestland fylkesbibliotek og Viken fylkesbibliotek

I denne leksjonen skal vi sjå på korleis nybyrjarar kan kome i gong med enkle videoar for å nå ut til publikum gjennom skjermen.

I del 1 av leksjonen tek vi føre oss:

  • formidling via skjerm
  • bearbeiding av idé og planlegging av innhald
  • å førebu eit opptak

I del 2 ser vi nærare på teknikk og praktiske råd ved å produsere video:

  • kva utstyr trengst
  • rigging, lyd, lys og lokasjon
  • å gjere opptak

Leksjonen omfattar ikkje videoredigering og publisering.

Takk til Elisabeth K. Johansen og Elisabeth Stabell ved Nes bibliotek som har bidratt med videoinnslag og delt velvillig av sine erfaringar.

Bilde av et forstørrelsesglass og teksten Oppdag

Folk elskar video. Det er lett å konsumere, lærerikt og underhaldande.

I Norge ser 43% av oss video eller film kvar einaste dag (Norsk mediebarometer 2019).

Stadig fleire publiserer video av den enkle grunn at det er etterspurt og gir god effekt. Vil du bli lagt merke til, og nå ut, er video i sosiale medium vegen å gå (Socialbakers). Slik når du ut til mange, både nye og etablerte brukarar.

Du kan lage videoinnslag om alt. For eksempel kan du vise fram små videoklipp med bøker, vise fram korleis ta i bruk utlånsautomaten, fortelje om komande arrangement, eller gi følgjarane dine eit innblikk i biblioteket sin arbeidskvardag. Det er korte videoar som får størst oppslutning.

  • Korte videoar på under to minutt gir best effekt (Wistia).
  • Vi lærer lettare med video. Sjåarar fangar opp 95% av bodskapen når det vert formidla visuelt. Å lese rein tekst har til samanlikning 10% effekt (Insiva).
  • Innlegg i SoMe som inkluderer ein videosnutt, gir nesten dobbelt så mange visningar samanlikna med postar med berre bilete eller tekst (Socialbakers).

Visuelt innhald har ein heilt unik evne til å skape engasjement. Video skapar nemleg tillit og er ein verknadsfull måte å styrkje relasjonane til bibliotekpublikummet ditt. Biblioteket kan stå fram som ein truverdig og verdifull leverandør av kunnskap og læring med godt produsert videoinnhald. Det er med på å bygge biblioteket si merkevare.

Så då er det vel berre å hoppe i det!

Del 1 Kom i gong med video

For å hjelpe oss i gong, skal Elisabeth K. Johansen og Elisabeth Stabell ved Nes bibliotek ta oss gjennom korleis dei jobbar for å produsere videoar.

Hels på Elisabeth K. Johansen og Elisabeth Stabell og høyr deira tankar om kvifor gå digitalt

Formidling via skjerm, er det så annleis?

Samanliknar ein med ein formidlingsseanse i biblioteket, vil digital formidling vere noko ganske anna og verke inn på sjølve formidlinga. Når ein vender seg til publikum gjennom skjerm, dreier det seg om einvegskommunikasjon. Du veit ikkje sikkert kven du snakkar til, og den umiddebare responsen og blikkontakten frå ei forsamling uteblir. Teknologien gir rett og slett visse avgrensingar. Kanskje vil ikkje verkemidla du plar bruke i formidlinga di fungere via skjerm. Energien du får frå publikum i salen manglar, og berre det å kunne røre seg fritt er utfordrande når du må tenke på lyd, lys og kvar kameraet er plassert. Heldigvis kan dette lærast!

Å gjere opptak og stå framfor kamera er for mange uvant, men det kan også følast einsamt og avgrensande. I det neste klippet får du høyre Elisabeth sine råd om korleis bli komfortabel framfor kamera.

For mange vert formidlarrolla nokså annleis enn den levande opptreden ein elles kan ha. Du må rett og slett finne din stil framfor skjermen. Kven du skal nå har naturleg nok betydning for korleis du går inn i formidlarrolla, akkurat som i annan formidling. Men når du viser gjennom skjermen, blir formidlinga på sett og vis meir konsentrert og synleg. Kva du har i bakgrunnen kan enten spele på lag eller bli ein distraksjon. Sameleis med måten du kommuniserer. Då er det fornuftig å ha tenkt gjennom om det er grep du kan ty til for å få kontakt med publikum, bygge stemning eller gi ein følelse som forsterkar opplevinga. I den neste videoen får du nokre tips til kva som kan vere lurt å tenke på.

Ein annan faktor ved videoformatet er at forma er gitt. Vi er stort sett nøydde til å halde oss til eit kortare format enn når vi held ein times foredrag i biblioteket. Vi må finne oss i at innhaldet må konsentrerast og gi ein smakebit. Slik kan vi sikre at vi held på sjåarane innanfor det korte tidsrommet vi har til rådvelde og i det vesle merksemdvindauget som er. Det vil med andre ord påverke kva tema som kler formatet, innhaldsutvalet og kor mykje vi kan ta med og kva vi må kutte.

Kva skal vi lage video om?

Alle videoopptak krev planlegging. Før du hoppar til idemyldringa for din første video, bør du avgjere det overordna målet med videoen.

Kvifor skal vi lage ein video?

Når du har klart føre deg kva som er formålet og kva de skal oppnå med videoen, vert det enklare å sikte seg inn på kven de skal nå og i kva samanheng videoen skal brukast. Ei klar målsetting vil også kome til nytte for å vurdere om videoen har fungert etter hensikta i ei evalueringsfase.

Så er du klar til å tenkje vidare på kva som skal formidlast, sjølve innhaldet i videoen.

  • Kva vil du fortelje?
  • Kven vil du fortelje det til?
  • Og korleis bør du fortelje det?

I neste klipp skal vi bli med Elisabeth og Elisabeth når dei vel tema for sin neste video.

Video til nettsida eller til sosiale medium kan vere så mangt. Det kan til dømes vere presentasjonar av noko, instruksjonsvideoar, intervju, reklame for arrangement, spørsmål og svar-spalte, eller kanskje ein «takeover» frå personalet som viser ein typisk arbeidsdag på biblioteket.

I neste klipp viser Nes bibliotek eksempel på ulike måtar å bygge innhald i videoane.

Korleis førebu eit opptak?

Dei fleste likar å ha ein viss struktur på stoffet som skal presenterast før dei går i gong, gjerne ein plan med kva som skal kome først og sist. Som vi alt har vore innom, så er det lurt å førestille seg målgruppa når ein formar innhaldet og planlegg kva ein skal seie og korleis ein skal uttrykke seg.

Skal ein lage eit innslag som har fleire klipp som skal syast saman, kan det også vere lurt å lage ein plan med skildring av dei ulike scenene med t.d. plassering av kamera, val av utsnitt, og om ein skal røre seg. Slik får ein sikra at ein tek alle opptaka ein treng til produksjonen.

Det er ofte når ein ser igjennom opptaket at ein ser kva ein burde gjort eller sagt! Det er difor lurt å gjere nokre testopptak tidleg i fasen for å justere kursen om noko ikkje fungerer heilt som tenkt.

Noko av det viktigaste er å klare å fange merksemda frå start. Ver difor obs på kva som skal vere anslaget for å få folk til å fylgje med. Førestill deg at dei første sekunda i videoen din er som eit bokomslag. Tittelen og illustrasjonen har til oppgåve å fange interessa og få deg til å ville lese boka.

Det vanskelegaste er kanskje å halde på interessa. Eit tips kan vere å unngå for lange innslag, sats heller på fleire korte videoar og hyppigare. Ha alltid i mente kva sjåaren skal sitje att med etter å ha sett videoen.

Det kan også vere lurt å ha tenkt igjennom avsluttinga. Nokre gonger vil ein kanskje legge inn ei oppmoding eller noko som utløyser handling når videoen er sett.

I neste klipp skal vi sjå på korleis Elisabeth og Elisabeth jobbar seg fram frå idé til videoinnslag.

Bilde av en hånd som peker på en mobilskjerm og teksten Utforsk

Finn eit tema du kan mykje om. Lag ei liste med 4-5 punkt som kan summere opp det du vil framheve ved temaet. Sjå føre deg ein typisk bibliotekbrukar, og tenk at du har vedkomande framfor deg. Sett opp mobilkameraet og start opptak, og prøv å snakke direkte til sjåaren. Hald deg innanfor to minutt. Køyr repetisjon til opptaket sit.  

Bilde av en tankeboble og teksten Reflekter

Skal vi starte med video?
Tenk gjennom om video kan og bør inngå i biblioteket sitt formidlingsarbeid.

Kor mykje videoinnhald?
Vurder kor aktuelt det er å produsere videoinnhald på jamn basis gjennom året, om det vil vere sesongbasert eller om det skal produserast ei handfull videoar i året.

Nytteverdien for publikum
Når du skal produsere video, må du alltid ta utgangspunkt i kven du snakkar til og kva dei er interesserte i og vil ha nytte av. Bruk nokre minutt og tenk gjennom kva brukarane ofte spør om. Vil det vere mogleg å lage video som gir dei svar eller lærer dei noko om dette?

Del 2 Lys, kamera, action!

Så no har vi sett på forarbeidet eller før-produksjonsfasen, og at god planlegging er halve jobben. I del to skal vi gå vidare til sjølve opptaket og teknikkar for å produsere video.

Bilde av et forstørrelsesglass og teksten Oppdag

For nokre kan det vere aktuelt å ta opptak i eit studio (fast lokasjon) med kamerarigg og teknikarar som kan hjelpe til, men for bibliotek flest dreier det seg om å filme på eiga hand og med biblioteklokalet som scene.

Å stå for filminga sjølv, gjer at ein kan vere meir fleksibel med tanke på kvar og kva tid, og det opnar for at ein kan få klart noko kjapt. I tillegg kan det vere rimelegare fordi ein ikkje treng like avansert utstyr. Den tekniske kvaliteten blir nok ikkje like høg som når ein filmar frå eit studio, men i dei fleste tilfella blir det meir enn godt nok til formålet. Sluttresultatet kan gjerne nå ut minst like godt, fordi det viser fram biblioteket som levande og ekte, og det ligg gjerne nærare den personlege formidlinga enn når alt er iscenesett.

Kor mykje tid og ressursar ein legg i produksjonen, avhenger også av kva ein vurderer som godt nok. Korte, hyppige innslag som kan reknast som ferskvare, eller videoar med lang levetid som krev ein annan kvalitet som kan halde seg over tid. Videoproduksjon er tidkrevjande, særleg når ein er fersk. Dei første videoane vil gjerne bere preg av å vere nettopp det, første forsøk, men ein kan stadig utvikle seg og justere for å få det betre til neste gong. I del to skal vi konsenterere oss om teknikken og utstyret.

Kva trengst

Den enklaste måten å kome i gong på er å bruke det du alt har for hand, nemleg mobiltelefonen. Mange ventar fordi dei trur dei verken har utstyr eller nok kompetanse. Men dagens smarttelefonar har så godt kamera at for folk flest er dette godt nok. Så ingen unnskyldning for manglande utstyr, altså! Og den beste måten å lære noko nytt er å prøve seg fram.

I innslaget nedom får du høyre korleis Nes bibliotek heiv seg rundt då dei sette i gong med videoproduksjon. Her deler dei mange praktiske tips om utstyr, rigging av kamera og biletutsnitt.

Lyd, lys og lokasjon

Det er fleire ting ein må tenke på når ein skal i gong med å filme. Det viktigaste er lyden, du må sørge for at du får god lyd. Det finst som regel innebygd mikrofon i alle kamera, pcar, smarttelfonar og nettbrett, men dei gir ikkje alltid tilfredsstillande lyd. Har du ein mikrofon som du kan plugge til, vil det sikre at lyden blir god. Vi skal få høyre i neste klipp at lyden kan skape utfordringar.

Før ein har fått dreisen på filminga, ser ein ofte først når ein går igjennom opptaket etterpå, korleis ein skulle ha gjort det. Ein gjennomgang av opptaket gir mykje verdifull informasjon. Med litt erfaring får du innarbeidd ein rutine som gjer at det går kjappare neste gong. Ver med når Elisabeth skal filme ved hylla i det neste klippet.

Sjå gjennom opptaket

Når du har gjort ferdig eit opptak kan det vere lurt å vurdere om opptaket:

  • har passeleg lengde
  • har ok lydkvalitet
  • ser ok ut visuelt
  • treff med innhaldet
  • framstår truverdig og slik som ønskt
  • om det er behov for å redigere eller klippe i opptaket

Det kan også vere lurt å la nokon sjå gjennom og få deira tankar og innspel.

Nokre råd til sist

Dei ulike leksjonane i kurset under temaet «Bli venn med ulike teknologier for formidling» er alle relevante og nyttige å sjå i samanheng med denne leksjonen. I tillegg har Haugesund folkebibliotek og Karmøy folkebibliotek utvikla eit eige kurs om å lage videoboktips for sosiale medium. Ta ein kikk!

Horisontalt eller vertikalt?

Ver obs på om du filmar i liggande eller ståande format. I dag ser svært mange film med mobiltelefonen, og sidan denne skjermen er langt mindre enn pc-skjermen, er det viktig at filmen tek mykje plass på skjermen slik at sjåarane ser godt. Kva format som passar best heng saman med kva du filmar og kvar du skal publisere videoen. Er du usikker, kan det vere lurt å filme liggande (16:9) så lenge motivet er plassert i midten, då kan du klippe til rett format i ettertid og tilpasse til fleire kanalar. Om du først og fremst skal publisere i sosiale medium kan det vere greitt at videoen passar i ståande format. Formatet 4:5 fungerer greitt til dei fleste kanalar.

Mesteparten av videokonsumet går føre seg via mobiltelefonen, heile 75%. (eMarketer).

Teksting av video

85% av Facebook-videoar vert sett utan lyd (Digiday).

Mange har ikkje på lyd når dei spelar av video på mobiltelefon. Difor er det lurt å tekste videoane. Dessuten vil vi også tilrettelegge for at dei med hørselshemming eller andre utfordringar med lyd skal få utbytte av videoen vår. Følg lenkja nedom så kan du lære korleis tekste videoar.

Bilde av en tankeboble og teksten Reflekter

Slår videoen an?
Publikum er kritiske konsumentar og avgjer sjølv kva dei vil sjå, når dei vil sjå det og ikkje minst korleis. Så kva er det som skal til for at eit videoinnslag vert sett? Bruk to-tre minutt og tenk på kva grep som kan påverke kor vidt videoen slår an eller ikkje. Kva videoinnslag likar du, og kvifor?

Kva definerer suksess?
Det er mogleg å måle respons og engasjement på publiserte videoar, for eksempel kan tal visningar, kommentarar eller delingar i SoMe sporast. Kva andre indikatorar kan vere med å fortelje kor vidt videoen har vore vellukka?

Handlingsdrivarar
«Call to action» (CTA) vert gjerne snakka om i samband med reklame og kjøpsprosessar og er ein knapp eller lenkje som sjåarar kan trykke på for å bli leia vidare etter å ha sett videoen din. Også i biblioteksamanheng kan det vere nyttig å leie brukarane vidare til ønskt handling. Prøv å kome på nokre handlingar som kan triggast hos sjåaren etter å ha sett ein video frå eit bibliotek.

Bilde av en kobling og teksten Kilder