Innføring i Deweys desimalklassifikasjon

Denne leksjonen er inndelt i :

Deweys desimalklassifikasjon er eit klassifikasjonssystem som vert brukt i bibliotek for å halda orden på emneinnhaldet i bøker og andre dokument. Dewey er søkbart i katalogen, og vert også brukt som ein sentral del av hylleordninga ved bibliotek.

I dei fylgjande videoleksjonane vil Marit Kristine Ådland ved Institutt for arkiv, bibliotek og informasjon ved OsloMet gje ei innføring i systemet.

Hovudstruktur

Dewey er bygd opp av klassar der alle fag og emne har ein plass i eit stort hierarki. Her får du oversikt over hovudstrukturen i Dewey:

Hjelpetabellar

Dewey har også hjelpetabellar. Dei inneheld meir generelle klassar for emne som er aktuelt å kobla mot fleire av klassane i hovudtabellen. Her får du ein oversikt over hjelpetabellane i Dewey:

Tilpassing

Hierarkiet der kvar ny inndeling kan ha inntil ti klassar, er ikkje alltid optimalt. Dessutan har Dewey ei lang historie sidan skjemaet vart publisert første gong i 1876. Det er lenge nok til at emne og fag har skifta litt på korleis dei heng saman, nye emne har dukka opp, og andre blitt uaktuelle. I praksis har det ført til at dei som lagar Dewey av og til har gjort tilpasningar, og av og til er strukturen ikkje heilt optimal. Du får sjå døme på det her:

  1. Kva fordeler gjev DDK oss?
  2. Kvifor må vi ha hjelpetabellar?

Inndelinga etter fag og emne

Dewey er eit fagleg skjema der hierarkia er bygd opp slik at ulike fag og fagområde er samla. I videoen nedanfor lærer du litt om fag og emne, og løysingar Dewey har når dokumenta me skal klassifisera ikkje heilt passar inn i dette mønsteret. For det skjer stadig vekk, sidan det finst ulike måtar å skru saman fag og emne på. 

Videoen over presenterte oversiktsverk og tverrfaglege verk. Her kan du sjå korleis ordforklaringane i Dewey definerer desse: 

Numre for oversiktsverker: Numre som dekker alle delene av et emne som behandles innenfor faget. Delene kan være samlet i et nummerspenn eller være spredt over hele klassen eller tabellen. Numre for oversiktsverker blir ofte angitt i her-noter  

Numre for tverrfaglige verker: Numre som brukes for verker som omtaler et emne fra flere faglige synsvinkler, inkludert det faget hvor det tverrfaglige nummeret er plassert. For eksempel er det tverrfaglige nummeret for ekteskap 306.81, et nummer innen sosiologi. Numre for tverrfaglige verker angis ofte i her-noter.  

Vidare innføring – Notar

Notar er dei instruksane du finn i Dewey. Dei er ganske formelt og stramt formulerte. Det kan vera vanskeleg å lesa, men også standardisert slik at det kan bli ganske presist. 

Filmen nedanfor viser nokre typar notar. Dei kan delast inn i notar med og utan hierarkisk gjennomslagskraft 

Andre notar har ikkje hierarkisk gjennomslagskraft

For å klassifisera og særleg bygga nummer, er me avhengige av å finna notar som har hierarkisk gjennomslagskraft. Her er nokre tips: