Innholdet er laget av Møre og Romsdal fylkeskommune, fylkesbiblioteket

Juridiske spørsmål

Innhald

Reglar for kameraovervaking

Kameraovervaking kan vere eit inngrep i personvernet. Det er derfor viktig at dei som ønsker å bruke denne formen for overvaking, sett seg godt inn i regelverket før overvakinga settes i gang. På Datatilsynets nettsider finn du mellom anna informasjon om:

  • Når og kor er kameraovervaking lov?
  • Korleis skal overvakinga utformast?
  • Korleis kan opptaka brukast?

Bortvising og utvising av brukarar

Når det gjeld bortvising av brukarar, er det vanskeleg å gi eit generelt fasitsvar. Ein må vurdere kvart enkelttilfelle. Det kan vere nyttig å opprette ein god dialog med det lokale politiet.

Det er heilt avgjerande at biblioteket har eit dekkande ordensreglement i botn, slik at ein kan vise til dette. Dersom reglementet ikkje følgast, kan ein be vedkommande om å forlate bibliotekets lokaler, t.d. med hjemmel i Straffelovens §268, som omhandlar uberettiget adgang eller opphold, eller §266 som omhandlar hensynsløs adferd. Straffelovens §181 som omhandlar ordensforstyrrelse kan og vere ei mulegheit.

  • Eksempel: I bibliotekets ordensreglement står det at det ikkje er tillatt å sjå på pornografisk materiale på bibliotekets publikumsmaskiner. Dersom det er nokon som gjer dette, kan du vise til reglementet og be personen forlate stedet. Du kan også vise til Straffelovens §266 dersom dette opplevast som sjenerande for andre besøkande.

Alle hendelsar med brukarar som opplevast som uønska og bryt ordensreglementet, må meldast som avvik. Det er på denne måten ein får dokumentert kva som faktisk skjer i biblioteket, og det er den einaste måten ein kan bygge ein sak på.

Dersom nokon begår ei straffbar handling, bør ein anmelde det til politiet. Eksempel på dette kan vere trugande åtferd, bruk av overgrepsmateriale, våpenbruk og vald. Ein kan i samarbeid med politiet vurdere å ta ut besøksforbud i enkelttilfelle.

Nødverge

Straffelovens §18 seier følgande om nødverge:

En handling som ellers ville vært straffbar, er lovlig når den

  • a) blir foretatt for å avverge et ulovlig angrep,
  • b) ikke går lenger enn nødvendig, og
  • c) ikke åpenbart går ut over hva som er forsvarlig under hensyn til hvor farlig angrepet er, hva slags interesse som angrepet krenker, og angriperens skyld. 

Ein kan ikkje seie noko generelt om nødverge, også her blir kvart enkelttilfelle vurdert. Det viktigaste er å ikkje gå lenger enn det som er naudsynt i situasjonen.

  • Eksempel: Ein person oppfører seg trugande mot tilsette og/eller andre brukarar, og viftar med kniv i bibliotekets lokaler. Personen spring fram og tilbake i biblioteket samtidig som han skrik høgt. Her kunne ein for eksempel ha slått personen ned for å avverge situasjonen, og dette kunne vorte sett på som nødverge.
  • Eksempel: Ein person prøver å stele ei av bibliotekets datamaskiner. Du reagerer med å ta det nærmaste våpenet du finn for å føle deg tryggare når du konfronterer personen, ei saks som ligg i skranken. Når personen blir konfrontert, eskalerer situasjonen slik at du føler deg svært truga. Personen som skal til å stele har ikkje våpen, men du føler deg likevel så truga at du reagerer med å stikke personen med saksa. Her er det tvilsomt at du vil kunne påberope deg nødverge.

Avvergingsplikt

I følge Straffelovens §196 har vi alle plikt til å søke å avverge ei rekke alvorlege lovbrudd vi får kunnskap om, eller som vi trur at mest sannsynleg vil skje. På nettsida plikt.no kan ein lese meir om avvergingsplikta.

Plikt.no er utarbeida i forbindelse med ein kampanje for å auke bevisstheita om avvergingsplikta ved valds- og seksuallovbrudd bestilt av Justis- og beredskapsdepartementet.

Meldeplikt

Du kan lese meir om meldeplikt på sida om barn og unge.