Tre tips på vegen

Når du skal i gang med læringsressursen, kan det vere greitt å ha med seg nokre gode tips på vegen.

Det første tipset er at det er lurt å ta med seg ein læringsven som også vil nytte ressursen. Det gjer læringa enklare og kjekkare. Mykje er basert på ein samtale om praktiske løysingar og felles refleksjon på korleis tilpasse lokalt og få til ønska utvikling. Å sette ord på det ein opplev, eigen praksis og grunngje sine val aukar medvitet og gir god læring på vegen mot ny kunnskap. Dessutan blir det ekstra givande og meir gjort når ein kan diskutere saman og hjelpe kvarandre. Eit felles løp med faste kontaktpunkt kan organiserast uavhengig av om du ser nærare på ein liten del, eller gjennomfører heile løpet.

Er du aleine i eit lite folkebibliotek, tilrår vi at du kontaktar bibliotekkollegaer i ditt nettverk eller fylkesbiblioteket. Finn nokre gode sparringpartnerar eller få hjelp til å finne ein eller fleire læringsvenner å jobbe saman med.

Det andre tipset handlar om å involvere kollegaer i biblioteket/kommunen du jobbar i. Del innsikter frå ressursen også til dei som ikkje er direkte engasjert i formidling for barn. Å sette fokus på noko skapar auka interesse.

Oppsummer i personalmøte eller ring din kollega og fortel om viktige læringspunkt frå det du går igjennom. Er det noko som kan passe å prøve ut hos dykk? Kva seier forskinga eller kva tenker du om nokre av innsatsane som er presentert? Er det på tide at kommunen rettar ein samla innsats for dei minste si leselyst? Har du treff saman med andre einingar i kommunen der det er mogleg å ta initiativ til ein prat om temaet?

Det siste tipset i denne omgang, dreier seg om å legge ein plan for å søke midlar frå Nasjonalbiblioteket si utlysing. Med friske midlar får ein større økonomisk handlerom som kan gjere det lettare å kickstarte ein prosess og eit samarbeid.

Det er gode sjansar for å få midlar til å prøve ut nokre av tiltaka som vert presentert i ressursen eller andre idear om du koplar innsatsen til FiF-satsinga Leselyst med dei minste – saman om lesekultur. Med leselyststrategien rett om hjørnet, og det oppdaterte tildelingsbrevet til Nasjonalbiblioteket, er det mykje som tyder på at det framover vert auka innsats for å styrke lesinga sin posisjon i befolkninga.

Meir om læringsressursen
Desse står bak læringsressursen

Tilbake til framsida med omtale av læringsressursen