Læringsressursen består av seks delar og er lagt opp som eit oppslagsverk du kan hoppe fram og tilbake i. Det betyr at du kan ta leksjonane med tilhøyrande emner uavhengig av kvarandre og i valfri rekkjefølgje når det måtte passe. Det kan likevel vere fint å byrje frå start med dei første leksjonane om det er første gong du går igjennom læringsressursen.
Den første leksjonen Leselyst med dei minste – saman om lesekultur introduserer satsinga og tanken bak.
Leksjonen Om lesingens betydning og å lese med de minste gir eit felles, kunnskapsbasert fundament når vi snakkar om kvifor lesing og tidleg lesestart må viast merksemd.
Dei påfølgande leksjonane er byggesteinar i arbeidet med lesefremjande innsats som viser fram ulike prosjekt og samarbeid som er prøvd ut med gode resultat.
Leksjonen om Bok i bruk i barnehagen har som mål å auke leseaktivitet i barnehagane. Primærmålgruppa er dei tilsette som er tett på barna og som av den grunn har ein førsteposisjon for å kunne bidra til at alle barn får gode opplevingar med lesing, helst kvar dag.
Leksjonen om Tøyveskebiblioteket har som mål at fleire barn får oppleve høgtlesing heime. Ved å legge til rette for utlån av bøker via barnehagane blir terskelen låg for at travle føresette skal få tilgang til bøker.
Leksjonen om Bokstart søker i samarbeid med helsestasjonar og barnehagar å nå barnefamiliar for å stimulere til lesing gjennom kunnskapsformidling retta mot dei føresette.
Leksjonen om Leseopplevingar for alle rettar fokus på barn med funksjonsnedsettingar og spreier kunnskap om korleis tilpasse leseaktivitet for å kunne inkludere alle barna i formidlingsstunder.
Alle dei skildra aktivitetane er meint som døme og igongsetjarar, så må kvar og ein finne dei gode innfallsvinklane ut frå eigne behov og nytte lokalt.
Blant innsatsane er noko kanskje velkjent for biblioteket allereie. Fleire av tiltaka kan også fungere i kombinasjon. Noko vil vere enkelt, anna vil krevje mer. Det finst også andre satsingar som fungerer godt, og nokre av dei har heilt sikkert likheitstrekk. Ta gjerne utgangspunkt i desse når du sjølv tenker gjennom kva biblioteket alt gjer og ønskjer å gjere framover.
Det er verken meninga eller realistisk at alle innsatsane skal gjennomførast eller kle alle landets bibliotek. De må sjølv finne det som passar hos dykk, i dykkar kontekst, med eigne ressursar og eigenskapar som utgangspunkt. Når utviklingsarbeid tek utgangspunkt i det lokale behovet, er det større sjanse for treffsikre tiltak og å få til noko som blir varig.
Målet er at det i læringsressursen er noko for alle å bygge vidare på for dei som ønsker å utvikle biblioteket sitt leselystarbeid for å nå dei minste. Det viktigaste er at vi alle jobbar medvite med å nå barn med leseaktivitet for å skape gode vanar med lesing frå tidleg alder.
Det er ei rekke kriterium dei presenterte satsingane skal leve opp til. Fellesnemnarar er at aktivitetane:
Ressursen er først og fremst mynta på alle bibliotektilsette som arbeider med barnelitteratur og fremjing av lesing hos dei minste. Men den vender seg også til leiarar, fordi det er bibliotekleiar som har det faglege ansvaret og som vurderer kva arbeid som skal viast innsats i biblioteket.
Det krev tid og krefter å skape endring og arbeide målretta med lesestimulering for barn, og det er eit langsiktig arbeid. Difor er det viktig å forankre arbeidet godt og få støtte frå leiar før ein går i gang med noko nytt.
Leksjonane tilbyr ulikt støttemateriell. Det kan vere malar, metodeskildringar, fordjupingskjelder og anna relevant innhald. Alt av innhald kan brukast som det er eller bearbeidast alt etter kva som høver. Kvar leksjon har også ein eller fleire aktivitetar der du skal reflektere over temaet som vert tatt opp eller øve på ein aktivitet knytt til temaet.
Du kan ta alle leksjonane sjølv eller velje ein enkelt, det er opp til deg. Men før du startar skal du få nokre tips på vegen.