Gjennom å kartlegge kva folk lurer på kva folk treng hjelp til, kan biblioteket få vite kva kompetanse dei treng å styrke, og kva tilbod dei gjer lurt i å prioritere.
Kvifor vel folk å møte opp i biblioteket og vende seg til bibliotekets skranke – ofte omtala som det synlege symbolet på bibliotekarens arbeid? Kva er det dei lurer på og treng hjelp til?
I ei undersøking, frå NTNUB, svarde 68% av bibliotektilsette at skranka var ein ‘Svært viktig’ møteplass mellom bibliotek og student (Lamøy og Kilvik, 2020). Det er her vi legg til rette for at folk kan komme når dei har behov for hjelp med informasjonssøk, rettleiing, lån eller meir enkle spørsmål om kor grupperom er osv.
I internasjonal biblioteklitteratur vert dette arbeidet kalla referansearbeid. Begrepet er lite brukt i norske bibliotek i dag, men i denne samanhengen er det greitt å bruke det som ei overordna term.
Kva type spørsmål ein får i ei skranke vil avhenge av både bibliotektype, kva kompetanse biblioteket har i møte med publikum og ikkje minst kva teneste biblioteket tilbyr (låner dei ut rekvisita, tilbyr dei generell IT-hjelp, har dei skilt veilednings-/referanseteneste og inn-/utlevering osb.).
Svar på kartlegging av brukarmøta vil gje oss informasjon om kva kompetanse ein treng for å møte brukaren sitt umiddelbare informasjonsbehov, men òg kva type hjelp dei treng. Eit viktig spørsmål å stille seg i forlenging av dette er også om tenestene biblioteket tilbyr er med å påverkar kva spørsmål bibliotekaren får.
Mykje forsking tyder på at publikum er usikre på bibliotekarens kompetanse. Vi veit óg at brukaren stiller konkrete spørsmål først, og dette er gjerne ikkje det hen eigentleg lurar på. Difor har bibliotekarar lært å gjennomføre referanseintervju som har som mål å avdekke det verkelege informasjonsbehovet.
I dette kapittelet tek vi for oss to metodar for å undersøke kva spørsmål bibliotekaren får i skranka og kva som karakteriserer desse spontane brukarmøta i bibliotek.
Biblioteka har òg andre formelle arenaer for rettleiing og brukarmøte som ‘Bestill ein bibliotekar’, og undervisningsrelaterte aktivitetar. I dag er mange slike brukarmøte flytta over på digitale flater (sjå td. Kilvik og Lamøy 2023, om prosjektet SkjermTREFF). Vi må heller ikkje gløyme dei meir uformelle møta som td. kan skje mellom brukar ob bibliotekar ute i bibliotekets lokaler. Dette vert ikkje omtala her.
Ansvarleg for sidene om registrering av brukarmøte er Idunn Bøyum. Sist oppdatert. 15.12.24.