Nasjonalbiblioteket leverer årleg frå seg fleire høyringsvar til ulike departemment . Departementa nyttar høyringar for at innbyggjarar, organisasjonar og næringsliv skal få seie si meining og kunne føre kontroll med kva forvaltninga gjer og korleis ho utfører oppgåvene sine. Høyringssaker kan dreie seg om framlegg til lover og forskrifter som regulerer folk sine rettar og plikter, organisering av forvaltninga, endra myndeområde og utgreiingar.