Om Bibliotekutvikling.no

Dette er nettstaden der Nasjonalbiblioteket presenterer det arbeidet som blir drive med bibliotekutvikling i regi av Nasjonalbiblioteket, tenestene vi yter til biblioteksektoren, og ressursar som finst til for biblioteka i Nasjonalbiblioteket. Nettstaden er kontinuerleg under utvikling.

Direktøren for Nasjonalbiblioteket er ansvarleg redaktør for Bibliotekutvikling.no. Hovudansvaret for innhald og utvikling er lagt til sekretariatet for bibliotekutvikling. I tråd med Nasjonal bibliotekstrategi (2015–2018) skal nettstaden utviklast vidare med eigen prosjektbank, ny statistikkpresentasjon og etter kvart også delingsside for digitale tenester.

Nettsida vil også fungere som ei side for biblioteknyheiter og anna fagleg innhald. Ambisjonen er å publisere nyheiter og aktuelle faglege artiklar innanfor område som er viktige og relevante for bibliotekutvikling.

Nettstaden skal innehalde stoff både på bokmål og nynorsk i tråd med mållova.

Målgrupper

Bibliotekutvikling.no er ein nettstad for bibliotek, bibliotektilsette og andre interesserte.

Innhald

Sida inneheld tenester og fagleg utvikling ved Nasjonalbiblioteket. Sida informerer om prosjekt som er støtta av Nasjonalbiblioteket, og erfaringsrapportane deira. Det blir informert om den årlege statistikkrapporteringa til biblioteka, og det blir gitt analysar av data som er samla inn. Historiske rådata ligg også tilgjengelege på nettsida.

Sida informerer om tenester til biblioteka frå Nasjonalbiblioteket, uavhengig av kva avdeling i NB som produserer desse tenestene.

Nettstaden skal innehalde nødvendig kontaktinformasjon for at brukarar og potensielle brukarar skal kunne få kontakt med dei ulike avdelingane og tenestene på NB. Det skal også opnast for dialog med NB på ulike område.

Tilgang

All informasjon på nettstaden er offentleg tilgjengeleg informasjon og kan fritt lastast ned.

Nettstaden skal vere universelt tilrettelagd og tilgjengeleg for alle.

Opphavsrett

Bilete kan ikkje brukast vidare utan løyve frå Nasjonalbiblioteket.

Tilbakemelding

Nasjonalbiblioteket ønskjer seg innspel og tilbakemeldingar på nettstaden.  Redaksjonen kan nåast på adressa: bibliotekutvikling@nb.no